Registrering og avregistrering i tobakkssalsregisteret
- Alle som sel tobakksvarer må registrere seg i tobakkssalsregisteret til Helsedirektoratet. Det gjeld også dei som sel e-sigarettar, gjenoppfyllingsbehaldar, urtebaserte røykeprodukt og andre tobakkssurrogater.
- Om du skal slutte å selje tobakksvarer, må du avregistrere deg i tobakkssalsregisteret.
Les meir om korleis du registrerar og avregistrerar tobakkssal hos Helsedirektoratet.
Kontroll av tobakksal
Kommunen kontrollerar at stadar som sel tobakksvarer følger følgjande bestemmelsar i tobakkskadelovverket mellom anna at:
- opplysningane i Tobakksalregisteret stemmer med opplysningane på salsstaden
- varene er kjøpt frå ein registrert grossist
- tobakksvarer ikkje blir selde til personer under 18 år
- salsstaden har ein internkontroll som gir dei tilsette god nok kunnskap om regelverket
- det ikkje er reklame for tobakksvarer
- tobakksvarer ikkje blir selde med rabatt eller gitt vekk gratis
Tilsynsavgift
Alle salsstadar for tobakk må kvart år betale ei tilsynsavgift til kommunen:.
- Tilsynsavgifta for faste salsstadar: er 4 860 kroner i året.
- For midlertidige salsstadar: er tilsynsavgifta 1 300 kroner i året.
Lover og forskrifter
Kommunen oppfordrar alle salsstadar å lese følgjande lover:
Forskrift om registrering av og tilsyn med salg av tobakksvarer mv. (tobakkssalgsforskriften)
Lov om vern mot tobakksskader (tobakksskadeloven)
Forskrift om forbud mot tobakksreklame mv.