Skjenkeløyve for enkeltarrangement eller private selskapOm du ønsker å skjenke alkohol mot betaling i eit selskap må du søke om skjenkeløyve. Det er ulike skjenkeløyve for opne og lukka arrangement. Ambulerande skjenkeløyve eller skjenkeløyve for enkelt høve?Du skal servere alkohol mot betaling i eit lukka selskap som til dømes bursdag, bryllaup, jubileum eller firmaarrangement. Du søker då om eit ambulerande skjenkeløyve. Du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i lokale utan skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område. Du søker då om eit skjenkeløyve for eit enkelt høve. Når treng du ikkje å søke om skjenkeløyve?Du treng ikkje å søke om skjenkeløyve om du har eit privat arrangement og gjestene har med seg alkohol eller du serverer alkohol utan å ta betaling. Kva krav må du oppfylle for å få skjenkeløyve?løyvesøkar må vere fylt 20 årdu oppgir kven som skal vere ansvarleg for skjenkinga, skjenkeansvarleg må vere fylt 20 årSlik søker du Søk om skjenkeløyve for eit enkeltarrangement - ambulerande skjenkeløyve Kor lang tid tek det?Du får vanlegvis svar på søknad om ambulerande skjenkeløyve innan ei veke. Det vil ta lenger tid å få svar på søknad om skjenkeløyve for eit enkelt høve, eit ope arrangement. Her vil vi spørre politiet og sosialtenesta om dei har merknader til arrangementet. Søk difor i god tid før arrangementsdato. Kva kostar det?kr 460,- per arrangement. Eitt arrangement gjeld for inntil 3 dagar samanhengande. For arrangement over 3 dagar vil det bli berekna eit høgare gebyr. Prisen gjeld både ambulerande løyve og enkelthøve. Frå og med 1. april 2024 har Sunnfjord kommune fastsett ny pris for enkelthøve: Prisliste skjenkeløyve Antall personar Pris Inntil 100 personar Kr 460,- per arrangement 100-500 personar Kr 650,- per arrangement Over 500 personar Kr 1700,- per arrangement Lover og forskrifterAlkohollovaAlkoholforskrifta Publisert 07.02.2019 09.35