Salsløyve for alkohol

Butikkar, bryggeriutsal og spesialforretningar som skal selje alkohol, må søke om salsløyve. Salsløyve gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol.

Salstider for alkohol i butikk frå 1. juli 2020

  • Måndag - fredag: 08.00–20.00.
  • Laurdag: 08.00–18.00.
  • Dagar før helge- og høgtidsdagar frå kl 08.00 til kl 18.00 (gjeld ikkje dagen før Kristi Himmelfartsdag).
  • Sal og utlevering av alkoholhaldig drikk skal ikkje skje på søn- og helgedagar, 1. og 17. mai. 
  • Påske-, pinse-, jule og nyttårsafta skal sal og utlevering av alkoholhaldig drikk opphøyre kl 15.00.

Når treng du salsløyve?

  • Når du skal starte ein butikk med alkoholsal, må du søke om salsløyve. 
  • Når du har overtatt ein salsstad med alkoholsal, må du søke om salsløyve. Du kan drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve i maks tre månader medan du ventar på at din søknad vert behandla. 

Salsstader som har fått innvilga salsløyve i tidlegare Førde, Gaular, Jølster og Naustdal kommune kan halde fram på same løyve inntil vidare. 

Korleis få salsløyve?

  • styrar og varastyrar må ha bestått kunnskapsprøva i alkohollova
  • styrar og varastyrar må vere over 20 år
  • styrar og varastyrar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling
  • alkohollova stiller krav om uklanderleg vandel

Slik søker du 

Det kan ta opptil tre månader før du får svar på søknaden. Søk difor i god tid før oppstart. 

Søk om salsløyve

Skjemaet kan mellomlagrast, slik at du kan gå tilbake til søknaden på eit seinare tidspunkt. 

Vedlegg du må ha med i søknaden

Kor lang tid tek det?

Det kan ta opptil 3 månader før du får svar på søknaden. Søk difor i god tid før oppstart. Søknaden blir sendt til politiet og sosialtenesta for uttale, deretter blir søknaden behandla politisk i kommunen.  

Kva kostar det?

Det er gratis å søke om salsløyve for alkohol.  

Korleis levere omsetningsoppgåve?

Alle som har eit salsløyve for alkohol skal betale eit årleg gebyr til kommunen. Gebyret vert rekna ut ifrå kor mange liter alkohol salsstaden forventar å selje neste år.  Satsane er fastsett i alkoholforskrifta kapittel 6

Her kan du melde inn omsetningsoppgåve

Lov, forskrift og lokale vedtak

Kontakt

Kjell Idar Dvergsdal
Utviklingskoordinator helse og omsorg
E-post
Telefon 57 71 85 45
Mobil 91 70 44 17
Tenestetorga er her for å hjelpe deg
Telefon 57 72 20 00

Send sikker post og brev elektronisk via eDialog

Send e-post til postmottak@sunnfjord.kommune.no