Salsløyve for alkoholButikkar, bryggeriutsal og spesialforretningar som skal selje alkohol, må søke om salsløyve. Salsløyve gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol.Salstider for alkohol i butikk frå 31. oktober 2024Måndag - fredag: 08.00–20.00.Laurdag: 08.00–18.00.Dagar før helge- og høgtidsdagar frå kl 08.00 til kl 16.00 (gjeld ikkje dagen før Kristi Himmelfartsdag).Sal og utlevering av alkoholhaldig drikk skal ikkje skje på søn- og helgedagar, julafta, 1. og 17. mai. Påske-, pinse- og nyttårsafta skal sal av alkoholhaldig drikke slutte kl 15.00.For nokre butikkar har dei opningstid som er mindre enn godkjend salstid for alkoholhaldig drikk. Desse butikkane regulerer salstid for alkoholhaldig drikk i samsvar med opningstida til butikken.Når treng du salsløyve?Når du skal starte ein butikk med alkoholsal, må du søke om salsløyve. Når du har overtatt ein salsstad med alkoholsal, må du søke om salsløyve. Du kan drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve i maks tre månader medan du ventar på at din søknad vert behandla. Salsstader som har fått innvilga salsløyve i tidlegare Førde, Gaular, Jølster og Naustdal kommune kan halde fram på same løyve inntil vidare. Korleis få salsløyve?styrar og varastyrar må ha bestått kunnskapsprøva i alkohollovastyrar og varastyrar må vere over 20 årstyrar og varastyrar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstillingalkohollova stiller krav om uklanderleg vandelSlik søker du Det kan ta opptil tre månader før du får svar på søknaden. Søk difor i god tid før oppstart. Søk om salsløyveSkjemaet kan mellomlagrast, slik at du kan gå tilbake til søknaden på eit seinare tidspunkt. Vedlegg du må ha med i søknadenfirmaattest for alle selskap som er involvert i drifta. Last ned firmaattesten frå altinn.noplanteikning over utsalsstaden som viser plassering av alkoholen (ølrom)dokumentasjon på styrar og varastyrar sin tilknyting til utsalsstadenstadfesting på at styrar og varastyrar har bestått kunnskapsprøva i alkohollovaKor lang tid tek det?Det kan ta opptil 3 månader før du får svar på søknaden. Søk difor i god tid før oppstart. Søknaden blir sendt til politiet og sosialtenesta for uttale, deretter blir søknaden behandla politisk i kommunen. Kva kostar det?Det er gratis å søke om salsløyve for alkohol. Korleis levere omsetningsoppgåve?Alle som har eit salsløyve for alkohol skal betale eit årleg gebyr til kommunen. Gebyret vert rekna ut ifrå kor mange liter alkohol salsstaden forventar å selje neste år. Satsane er fastsett i alkoholforskrifta kapittel 6. Her kan du melde inn omsetningsoppgåveLov, forskrift og lokale vedtakAlkohollova AlkoholforskriftaRetningslinjer for sal- og skjenkeløyve i Sunnfjord kommune 2024 - 2028 - Kommunestyret sitt vedtak 26.09.2024 (PDF, 574 kB) Ruspolitisk handlingsplan 2020–2024 Sunnfjord kommune Kommunestyrevedtak 18. juni 2020 om salsløyve for alkoholhaldig drikk 2020–2024 Publisert 10.07.2020 10.49