Kunnskapsprøve i alkohollova

Det er to typar kunnskapsprøver. Ei for salsløyve i butikk og ei for skjenkeløyve på restaurant/bar/pub. Skal du vere skjenkestyrar eller varastyrar for ein stad med sals- eller skjenkeløyve må du ha bestått kunnskapsprøva, og ha fylt 20 år.  

Kor kan du ta prøvane?

Du kan ta prøvane på tenestetorga i kommunen. Ring oss på 57 72 20 00 for å avtale tidspunkt. Det er nok å avtale nokre dagar i forkant.

Gjennomføring av prøvane

  • Dette er ein fleirvalsprøve og består av 30 spørsmål. For å få bestått må du ha 24 rette svar.
  • Du vil få 60 minutt til å svare på prøva. 
  • Du får fleire forsøk dersom du ikkje greier prøva første gongen.
  • Prisen for å ta prøva er 400 kroner kvar gong. 
  • Ta med gyldig legitimasjon når du skal avlegge prøva.
  • Prøva er på norsk, og det er ikkje høve til å ha med tolk. Du kan bruke norsk ordbok. 

Pensum

  • Pensum for salsløyve: Kunnskap om alkohollova kap. 1, 3, 7, 8 og 9 med forskrifter
  • Pensum for skjenkeløyve: Kunnskap om alkohollova kap. 1, 4, 5, 7, 8 og 9 med forskrifter. 
  • Vi har lærehefter til utlån. I tillegg kan du kjøpe læremateriell, kurs og tilgang til "test deg sjølv" - prøvar via Vinn.no

Prøvebevis

Alle som består kunnskapsprøva får eit prøvebevis som er ein dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollova. Beviset er gyldig på ubestemt tid.  

Har du spørsmål?

Ring oss på telefon 57 72 20 00 eller stikk innom eit av tenestetorga i kommunen.

Lover og forskrifter

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
Telefon 57 72 20 00

Send sikker post og brev elektronisk via eDialog

Send e-post til postmottak@sunnfjord.kommune.no