Utsending og signering av arbeidsavtale
I Sunnfjord kommune nyttar vi e-signering ved utsending av arbeidsavtalar. Arbeidsavtalen og skjema for teieplikt vert sendt ut elektronisk i posten si e-signeringsløysing.
Om du tar imot stillinga, signerer du arbeidsavtalen elektronisk innan svarfristen. Du signerer då både på arbeidsavtalen og teiepliktskjema. Når du har signert arbeidsavtalen, får du høve til å laste den ned.
I tillegg til denne arbeidsavtalen får du tilsendt eit brev i digital postkasse med lenker til ulike skjema. Dersom du takkar ja til stillinga, må du fylle ut og sende dei inn i god tid før du startar i stillinga.
Skjema som skal sendast inn er: Det vert lagt ved lenke til dei skjema som du treng å fylle ut i høve di stilling.
MRSA-skjema
Informasjon om pensjon for lærarar og sjukepleiarar
Fastsetting av lønnsansiennitet
Tilbakemeldingsskjema
Politiattest
Du treng politiattest dersom du søker stilling innan barnevern, brannvern, helsepersonell, barnehage og skule. Du treng ikkje vise fram slik attest når du søker, men før du tek til i stillinga.
Du søker om politiattest elektronisk via politiet sine nettsider.
Du kan bruke tilsendt arbeidsavtale som dokumentasjon, eller vi sender deg ei stadfesting på føremålet med attesten. Ein politiattest kan ikkje vere eldre enn tre månader.
Om digital postkasse
Digital postkasse fra e-Boks og Digipost er ei sikker løysing for å motta og oppbevare viktig digital post fra det offentlege .Det er gratis å opprette og bruke digital postkasse, og du kan lagre breva der så lenge du ynskjer.
Motta post digitalt på ein sikker måte
Brev med vedtak, helseopplysningar eller annan sensitiv informasjon kan ikkje sendast på vanleg e-post då det ikke er sikkert nok. I e-Boks og Digipost sender det offentlige breva kryptert, og det vert lagra på ein sikker måte slik at det berre er du som har tilgang til din eigen post.
Med ein digital postkassa hos e-Boks eller Digipost kan du også motta digital post fra private verksemder same stad som du mottek post fra det offentlege.
Om du ikkje tek imot stillinga
Om du ikkje ynskjer å ta imot stillinga, trykk avbryt og deretter avvis. Dette vert registrert som at du takkar nei til stillinga.
Spørsmål
Dersom du har spørsmål kan du ringe 57 72 20 00
Dagun Muri, Janne Wilhelmsen og Ellen Jensen svarer på spørsmål.