Slik søker du på utlyste stillingar i Sunnfjord kommune
- Registrer deg som brukar i Easycruit
- Registrer CV og send søknad elektronisk.
- Du kan legge inn CV-en din både frå fil og sosiale media.
- Oppgje aldri bankid-informasjon under søknadprosessen.
Er du allereie registrert som brukar I Easycruit, loggar du deg inn med brukarnamn og passord. Du får då tilgang til dine tidlegare søknader og slepp å legge inn alle opplysningar på nytt.
Det foregår stadig svindelforsøk mot jobbsøkjarar i Norge. Derfor oppmodar vi om at de aldri må oppgje bankid-informasjon i søknadsprosessen.
Vi har ikkje høve til å ta imot opne søknader, men ønsker deg velkommen til å søke på alle utlyste stillingar.
Offentleg søkarliste
Vi gjer merksam på at namn på søkar til dei ulike stillingane kan bli gjort offentleg. Om du har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkarliste tek vi kontakt med deg før søkarlista vert offentleg.
Politiattest
Du treng politiattest dersom du søker stilling innan barnevern, brannvern, helsepersonell, barnehage og skule. Du treng ikkje vise fram slik attest når du søker, men før du tek til i stillinga.
Du søker om politiattest elektronisk via politiet sine nettsider.
Du kan bruke tilsendt arbeidsavtale som dokumentasjon, eller vi sender deg ei stadfesting på føremålet med attesten. Ein politiattest kan ikkje vere eldre enn tre månader.
Deltidstilsette i Sunnfjord kommune kan ha førerett til utlyste stillingar
Vi jobbar med å få fleire fulltidstilsette. Dei som har deltidsstilling i Sunnfjord kommune og ønsker å auke stillinga kan difor ha førerett til utlyste stillingar.
Mangfaldig arbeidsmiljø
Sunnfjord kommune ønsker så langt som mogleg å spegle mangfaldet i befolkninga og ha eit mangfaldig arbeidsmiljø. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte til å søke uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn, religion, funksjonsevne, alder og seksuell orientering.
Vilkår for tilsetting
Tilsetting i kommunen skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regelverk, tariffavtale og lokale avtalar. Medlemskap i KLP/SPK. På faste stillingar er det 6 månader prøvetid.
Her finn du meir informasjon om avtaleverk, retningslinjer og reglement som gjeld tilsette i Sunnfjord kommune.