Døme på oppgåver i viltforvaltninga
- Forvaltning etter gjeldande lover og forskrifter
- Fallvilt (påkøyrd og skadd/sjukt vilt)
- Tildeling av fellingsløyve (hjort) for vald utan godkjent driftsplan/bestandsplan
- Kontroll/registrering av fellingsrapportar
- Registrering og analyse av "sett hjort"
- Godkjenning av vald
- Godkjenning av driftsplanar/bestandsplanar
- Forvaltning av kommunen sitt viltfond
Hjortevilt
Hjorteviltregisteret. Her legg kommunen inn informasjon om alle valda: Fellingsløyve/ fellingigsresultat, sett-hjort og slaktevekter. Du som jaktar skal registrere alle dine jaktdata på hjorteviltregisteret. Jeger logger seg inn med sitt jegernummer og fødselsdato. I Hjorteviltregisteret finn de og oversikt og informasjon om fallvilt (trafikkpåkøyrsler).
Forvaltning av hjort i Sunnfjord kommune
Hjortebestanden i Sunnfjord skal forvaltast på berekraftig vis i et langsiktig perspektiv. Gjennom aktiv forvaltning skal hjortebestanden vere på eit nivå der skadane hjortebestandane gjer er mindre, enn verdiane dei skapar.
Mål for forvaltning av hjort i Sunnfjord
Sunnfjord kommune vedtok 8. februar 2023 nye mål for forvaltninga av hjort i kommunen. Saman med nasjonale regelverk set desse måla rammene for forvaltninga av hjort de kommande fire årene.
Overordna målsetting og hovudmål
Hjortebestanden i Sunnfjord skal forvaltast på berekraftig vis i et langsiktig perspektiv ut frå omsynet til biologiske prosesser, naturmangfald, ressursgrunnlag og samfunns- og næringsinteresser. Gjennom aktiv forvaltning skal hjortebestandens struktur og størrelse bidra til å sikre sunne og produktive individ som gir grunnlag for et haustbart overskot ut frå lokale forutsetningar. Måldokumentet presenterer hovudmåla og tiltak.
Hovudmål:
- Hjortebestandane skal reduserast. Sett-hjort pr. jegerdag-indeksane skal reduserast over tid.
- Kunnskapsnivået om hjorteforvalting, hjå jaktrettshavarar/grunneigarar og hjortejegerar, skal hevast.
- Gjennomsnittsalder, kondisjon (slaktevekter) og bukkedelen i hjortebestandane skal auke.
- Bestandsplanområde skal avgrensast slik at dei omfattar heile årsleveområde til hovuddelen av hjortebestanden som nyttar det aktuelle området.
For å nå måla og oppnå en reell endring i vekstrate, kondisjon og demografisk samansetning i bestanden, skal en legge opp til reduksjon av bestanden, ved å halde oppe kalve- og ungdyrdelen av uttaket/fellingane, og med overvekt av koller i avskytinga.
Måldokument for forvaltning av hjortevilt og Evaluering av måloppnåing Bestandsutvikling for hjort i Sunnfjord kommune (PDF, 4 MB)
Viltfond
Hjortevald betalar inn fellingsavgift for felt hjort til viltfondet etter endt jakt. Kommunen handsamar søknader om tilskot frå det kommunale viltfondet. Forskrift om viltfond og kommunale retningslinjer avgjer kva tiltak som kan få støtte og kven som vert prioritert.
Nyttig informasjon om vilt, jakt og forvaltning
Vilt som gjer skade
Nokre gonger kan dyr vera plagsame eller gjera vesentleg skade på eigedom. Miljødirektoratet har laga ein rettleiar om vilt som gjer skade. I denne rettleiaren finn du råd om kva du kan gjera viss du opplever dette som eit problem. Regelverket som dekkjer desse utfordringane finn du i viltforskrifta.
Jegerprøva
Som ny jeger må du ha jegerprøvekurs. Dette kurset er obligatorisk og på 30 timar. Etter kurs må du ha bestått eksamen før du kan utøve jakt og fangst. Kommunen organiserer eksamen. Etter bestått prøve vert du registrerte i Jegerregisteret.
Spørsmål om jegerprøvekurs?
I Sunnfjord blir det som regel starta opp jegerprøvekurs i februar kvart år (påmelding i januar). Om du har spørsmål knytt til jegerprøvekurs, kan du ta kontakt med ditt lokale Jakt og fiskelag.
Eksamen
Eksamen, etter endt jegerprøvekurs vert gjennomført elektronisk. Eksamensavgifta er 300 kroner per forsøk. Informasjon om kurs, eksamen og eksempelprøver finn du på jegerprøveeksamen.no
Bandtvang på hundar
Hundar skal alltid haldast under slikt tilsyn, at dei hindrast i å drive eller forfylgje viltet. Det er ordinær bandtvang på hundar i tida frå og med 1. april til og med 20 august. I tida utanom bandtvang kan hundar kun vere lause, viss dei anten
- vert fulgt og kontrollert på akstsom måte, eller
- er forsvarleg innegjerda
Sunnfjord kommune har utvida bandtvang der bufe beiter frå og med 1. april til 1. november. I tillegg er det bandtvang på nokon utvalde friluftsområde. Les forskrift om utvida bandtvang i Sunnfjord kommune og hundelova
Har du spørsmål?
Ta kontakt med Joar Helgheim eller Oddbjørn Kåre Sellevoll.