Lagring og bruk av gjødsel

Frå 1. februar 2025 var det nytt regelverk, og lokal spreieforskrift var oppheva. 

Søke om innmarksbeite som spreieareal 

For å bruke innmarksbeite som spreieareal må ein få godkjenning frå kommunen.

For areal der du kan dokumentera tidlegare godkjenning, er det normalt ikkje behov for ny godkjenning. Ver likevel merksam på at du ikkje kan spreia gjødsel nærare enn 6 meter frå vassdrag, og berre på areal som framleis er innmarksbeite. Utrekna dekar spreieareal frå gamal godkjenning kan difor vera feil i dag.

Søknadsskjema

Nødvendige vedlegg: Kart der det aktuelle arealet er merka. Informasjon om kva gjødselslag du søkjer om å bruke på ulike areal må komme fram i kartet.

Gjødslingsplan: Planlagt bruk av husdyrgjødsel og mineralgjødsel på innmarksbeite må bli inkludert i gjødslingsplanen etter at areala er godkjent som spreieareal for gjødsel.

Fosforkalkulator kan brukast for å rekne ut kor mykje areal du treng. 

Fosforkalkulator (XLTX, 76 kB)

Regelverk

Nytt regelverk fører til innstramming i bruk av husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Alle lokale forskrifter er oppheva frå 1. februar 2025. 

Nye fristar for spreiing i Vestland blir mellom 1. mars og 15. september. Men i 2025 og 2026 er det ei overgangsordning med fristar 15. februar og 15. september.

 

 


 

Kontakt

Oddmund Klakegg
Rådgjevar
Telefon 57 72 61 05
Mobil 99 20 26 61

Arbeider med jordbruk, investeringstilskot til driftsbygningar, produksjonstilskot, nydyrking, godkjenning av innmarksbeite

Marius Dalberg Yndestad
Konsulent
Telefon 57 81 66 15

Arbeider med tilskot i jordbruket og gardskart