Gardskart - kontinuerleg ajourhald av AR5

Kva er gardskart?

AR5 er eit arealressurskart som viser areal etter arealtype, skogbonitet, treslag og grunnforhold. Det vil seie markslag som fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Opplysingane i gardskartet er grunnlag for utbetaling av ulike tilskot i landbruket.

Her finn du gardskart 

Søk opp eigedom på NIBIO sitt gardskart

Feil i gardskart? Meld i frå seinast 1. juni

Er gardskartet feil, eller du har nydyrka  eller liknande, må du melde i frå til kommunen seinast 1. juni. Du melder i frå ved å sende kart, der arealet du vil ha endra er teikna inn. Kart med innteikna endringar, sender du på e-post til postmottak@sunnfjord.kommune.no eller i posten. Treng du hjelp til å skrive ut kart, kan du kome innom eitt av tenestetorga. 

Kvifor frist?

Kommunane har frist til å oppdatere gardskartet i slutten av august. For at vi skal rekke synfaring, oppmåling og oppdatering i kart, må du sende kart innan 1. juni. Innmarksbeite bør også synfarast tidleg i vekstsesongen, for å vurdere krav til beitetolande urter og gras. Seinare på hausten kan plantane tape seg, og du kan risikere å ikkje få godkjendt innmarksbeitet ditt.

Kva om eg melder i frå om endring av areal etter fristen?

For å vere sikker på å få areala registrert i gardskartet, same år som endringa skjer, må du melde i frå seinast 1. juni. Dersom du melder i frå etter fristen, risikerer du at gardskartet ikkje vert oppdatert før neste år.  

Har du spørsmål?

Du finn informasjon om kontinuerleg ajourhald på nettsida til NIBIO.

Kontaktpersonar

Kontakt

Anne Fetveit
Rådgjevar landbruk og miljø
E-post
Telefon 57 72 61 22

Arbeider med tilskot i jordbruket og gardskart.

Linn Hovlandsdal
Rådgjevar landbruk og miljø
E-post
Telefon 57 71 85 34

Arbeider med deling, konsesjon, gardskart, bakkeplanering og tilskot i jordbruket.