Bondens nettverk Sunnfjord

Bondens nettverk Sunnfjord skal vere eit støtteapparat som kan yte hjelp til bønder som møter særskilt krevjande utfordringar og/eller personlege kriser. Døme: problem med helse, rus eller økonomi.

  • Nettverket yter hjelp med mål om å førebygge personlege og dyrevelferdsmessige tragediar. 

    Nettverket vil medverke til å samordne tenestene som bønder i Sunnfjord nyttar. Til nettverket er det ei ressurssgruppe som du som bonde skal kunne kontakte for å få hjelp. Også  andre som er bekymra for at ein bonde står i ei krise eller ein utfordrande situasjon, kan kontakte oss.


     

  • Sauebønder M365 - Klikk for stort bilete

 

 

  • Jente og høne M365 - Klikk for stort bilete
  •  

    Det er låg terskel for å kontakte oss. 

    Vi håpar du som bonde tar kontakt med oss, så vi kan hjelpe deg når du har behov for det.

 

Deltakarane i nettverket skal:

    • informere om nettverket
    • stille opp og medverke til å kome med forslag til korleis løyse utfordringar innanfor sine fag- og ansvarsområdeområde
    • ha tauseheitsplikt 
    • informere og involvere relevante aktørar når bønder tek kontakt og ber om hjelp frå nettverket
    • halde kvarandre informerte om kva oppfølging som er gjeve bønder som har kontakta nettverket
    • vere med på debrifing i etterkant av emosjonelt krevjande hjelpesituasjonar
       
  • Dyrke åker M365 - Klikk for stort bilete