Utviklingsfondet Naustdal - Gjengedal LVO

Midlar frå utviklingsfondet vert lyst ut kvart år. Tilskostmidlane kan nyttast til næringsutvikling, fellestiltak og tiltak for folk flest i nærområdet til, eller innanfor Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde.

Grunneigarar og grunneigarsamanslutningar med rettar innanfor landskapsvernområdet kan søkje om tilskot. Det same kan lag, organisasjonar og andre som ønskjer å utvikle verdiane i området (krav om samarbeidsavtale med rettshavarar knytt til verneområdet). 

Vedtekter og samarbeidsavtale om utviklingsfondet for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde

Søknad

Søknaden skal leverast elektronisk via Gloppen kommune sine nettsider. 

Søknadsskjema og fristar vert annonsert i starten av kvart år, på både Gloppen og Sunnfjord kommune sine nettsider.

Vedlegg som bør følgje med søknad:

  •  detaljert beskriving av prosjektet
  •  plan for gjennomføring
  •  kart (detaljert + oversiktskart om nødvendig)
  •  kostnadsoversikt
  •  finansieringsplan (oversikt over korleis heile prosjektet skal finansierast)
  •  eller anna som kan vere avgjerande for søknaden

 

Har du spørsmål?

Spørsmål kan rettast til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane eller på e-post til post@gloppen.kommune.no

Kontaktperson: Lindis B. Østgård (Gloppen kommune): Tlf. 48 18 91 12