Tilskot til kulturbygg gjennom spelemiddelordningaDet er fylkeskommunane som forvaltar denne ordninga for Kulturdepartementet, og kommunane skal sikre at søknadane fyller dei formelle krava og gje uttale om behovsvurderinga før dei overfører søknadane til fylkeskommunen.Les meir om ordninga på fylkeskommunen sine heimesider: Tilskot til kulturbygg i Vestland - Vestland fylkeskommuneGjennom ordninga med spelemidlar kan det gjevast tilskot til:kulturhusfleirbrukslokale spesiallokale for kunst og kulturbibliotekbygg for museum andre kulturverntiltakscenekunstlokalekonsertsal formidlingslokale for biletkunstSøknadsfristarSøknadsfristen inn til Sunnfjord kommune er 1.mars.Kommunen går gjennom søknadane og innhentar eventuell manglande vedlegg og informasjon frå søkar, før søknaden blir sendt vidare til fylkeskommunen innan 30. april.Korleis søker duSøkjar skal sende inn søknaden med alle vedlegg elektronisk på www.anleggsregisteret.no/kulturanlegg/, via kommunen der kulturbygget ligg. Søkjar har ansvar for at søknaden er i orden, inklusiv alle vedlegg, ved innsending til kommunen.Ta kontakt med kommunen for om det er noko du lurer på.KontaktpersonarInge Larsen, Send e-post Sist endra 29.01.2025 10.41