Tilskot til inkludering av barn og unge - Open hall

Sunnfjord kommune har motteke tilskot frå Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) gjennom ordninga Tilskot til inkludering av barn og unge. Målet med ordninga er å skape trygge, inkluderande og lågterskel møteplasser som bidreg til sosial deltaking, fysisk aktivitet og førebygging av utanforskap blant barn og unge.

Som ein del av dette arbeidet ønskjer Sunnfjord kommune å legge til rette for planlagde, stabile og gratis aktivitetstilbod i idrettshallane i kommunen, i samarbeid med lokale idrettslag, lag og organisasjonar.

Les meir om tilskot til inkludering av barn og unge på Bufdir.no 

Kva går ordninga ut på?

Tilbodet skal vere:

  • Eit lågterskeltilbod utan krav om medlemsskap.
  • Gratis og ope for alle deltakarar.
  • Tilrettelagt for fysisk aktivitet, leik og sosialt samvær.
  • Gjennomført minimum fire gongar i sesongen 26/27.
  • Prega av trygge rammer, vaksen til stades og inkluderande praksis.

Aktiviteten skal legge til rette for leik og rørsle, der deltakarane kan velje aktivitet sjølve. Det skal ikkje vere krav om deltaking i felles aktivitetar. 

Kven kan søke?

Idrettslag, lag og organisasjonar i Sunnfjord kommune, kan søkje om å arrangere tilbodet i ein idrettshall. 

Aktuelle hallar er mellom anna: Skei storhall, Jølstrahallen, Halbrendshallen, Gaularhallen, Naustdalshallen og Bygstad idretts- og fritidspark.

Kva blir det stilt krav om til arrangør?

For at kommunen skal kunne oppfylle krava i Bufdir-tilskotet, må arrangørar:

  • Sikre at tilbodet er ope, gratis og lågterskel.
  • Prioritere målgruppa av barn og unge i rekruttering.
  • Ha vaksne til stades som ivaretek gode rammer.
  • Ha rutinar for tryggleik og handtering av uønskte hendingar.
  • Samarbeide med kommunen om informasjon og synleggjering.
  • Levere kort rapport etter gjennomført aktivitet, slik at kommunen kan rapportere vidare til Bufdir.

Utstyr og økonomi

I søknaden skal arrangør skildre:

  • Korleis aktiviteten skal gjennomførast.
  • Kva type aktivitetar som er planlagde.
  • Eventuelle behov eller ønskje om utstyr.
  • Budsjett

Det vert ikkje delt ut midlar til innkjøp av utstyr. Søker kan leggje ved ønskje om innkjøp av utstyr i søknaden dersom det er utstyr som vil styrke tilbodet. Eventuelle utstyrskjøp vert vurderte og gjennomførte av kommunen, i tråd med Bufdir sine føringar.

Vil dykk vere med?

Frivillige lag og organisasjonar som ønskjer å arrangere tilbod i idrettshall, kan søke støtte gjennom Sunnfjord kommune.

Send søknad innan 15. april

Elektronisk søknadsskjema

  • Søknadsfrist 15.april

Les meir om kriterium og rapporteringskrav her. (PDF, 405 kB)

Kontakt

Hege Andrea Sannerhaugen
Driftskoordinator idrettshallar
E-post
Telefon 57 72 61 15
Mobil 46 64 14 96

Kontorstad Førdehuset

Tor Emil Olsen Foslid
Rådgjevar idrett
E-post
Telefon 57 81 62 14
Profilbilde av Anne-Grete Nøttingnes Rognsøy
Anne-Grete Nøttingnes Rognsøy
Einingsleiar
Telefon 57 72 61 14
Mobil 90 65 10 70