Registrer laget eller organisasjonen i skjemaet.
Aktiviteten må føregå minimum 10 gonger i løp av sesongen, og strekke seg over fleire månader.
Aktiviteten må vere for barn og unge mellom 6-18 år.
Barna må få prøve aktiviteten før dei binder seg.
Trenarar skal ha gyldig politiattest.
For kvart barn mottar arrangør 800 kroner frå kommunen kvart år, for å dekke alle utgifter knytt til aktiviteten. Kostnader utover dette må arrangør dekke. Gjeld ikkje personleg utstyr. De sender ingen faktura til barnet som er påmeldt.
Arrangør sender faktura til kommunen på 800 kroner per barn. De vel sjølv om de vil sende fortløpande eller samla ved årsslutt 15. desember.