Lokale transportmidlar for ungdom - LTU

Lokaltransport for ungdom (LTU) er ei transportordning for ungdom som bur i Sunnfjord kommune, som skal gje ungdom mellom 13 år (8.klasse) og 19 år høve til å delta på fritidsaktivitetar og andre sosiale arrangement for ungdom.

Målet med ordninga er å legge til rette for eit betre og tryggare skysstilbod for ungdom, der det ikkje er eksisterande rutetilbod. Det er fylkeskommunen som tildela LTU midlane etter søknad frå kommunane og ungdomsråda.

I 2025 har Sunnfjord kommune kr 100 000.- å dele ut etter fylgjande søknadskriterier: Ordninga er ope så lenge det er midlar tilgjengeleg.

  • Søknadsfrist 7 dagar før arrangementet/aktiviteten

Kriteria for tildeling:

  • Tiltaka skal vere tilpassa LTU sine mål og målgruppe og må vere ope for alle i målgruppa
  • Tilbodet gjeld for ungdom 13 år (8.klasse)–19 år 
  • Minimum tal passasjerar er 3 personar
  • Eigenandel er 50 kroner pr person kvar veg
  • Arrangement eller aktiviteten skal vere rusfri 
  • Går det buss eller anna offentleg transport innan ein time, må ein nytte dette. Vi kan ikkje gi støtte til reiser som går i direkte konkurranse med eksisterande rutetilbod
  • Vi kan ikkje gi støtte til turar som går ut av fylket eller inneber overnatting

Send søknad

Kontakt

Eli Britt Danielsen
Ungdomskoordinator
E-post
Telefon 57 61 27 67
Mobil 94 81 84 40