Fordjuping - visuell kunst Sunnfjord


Fordjuping

Fordjuping er eit tilbod til spesielt interesserte og motiverte kulturskuleelevar, til elevar som vil noko meir, er i alderen 13-19 år og som er elev i ein kulturskule i regionen. Du får ein sosial og fagleg møteplass med andre som har same interesse.

Fordjupingstilbodet skal fungere som ei forlenging av det vanlege tilbodet du har i kulturskulen din, og kan vere ei førebuing for dei som ynskjer å søke vidare til høgare utdanning innan faget.

Det vert stilt større krav til engasjement og fysisk oppmøte ved deltaking i eit fordjupingsprogram samanlikna med ordinær undervisning. Og det vert forventa heimearbeid/øving mellom samlingane.

Samlingane vil vere på Sunnfjord kulturskule (bak Førdehuset) i Førde. Det kan bli aktuelt å flytte stad, avhengig av kva og kven vi skal samarbeide med.

Fordjuping – visuell kunst

Tilbudet har 8 elevplasser. Det er 4 samlingar i semesteret, laurdager mellom kl 11 og 17.

Første samling i haust er "Teiknelaurdag" i Førde med Aud Marit Skarrebo Holmen
laurdag 30.8.2025 i tidsrommet kl 11 – 17, fordelt i grupper á 1,5-2 timer

Er du kulturskuleelev og lurer på å søke fordjuping, eller vil du berre sjå kva tilbodet er, er du velkommen til å være med på teiknelaurdagen. Det er plass til 16 elevar.

Påmelding til teiknelaurdag innan 22.8.2025 til læraren din.
Alder 13-19 år (ungdomsskule/vidaregåande).


Etter teiknelaurdagen kan du søke inn til ordinært fordjupingstilbod i kunst. Her får elevane undervisning av ulike profesjonelle kunstnarar innafor deira spesialfelt.
Tilbodet har 8 elevplassar.

Første ordinære samling er laurdag 27.9.2025 kl 11 – 17.

Dei andre datoane vert annonsert seinare.

Sidan 2023 har vi hatt besøk av kunstnarar og vore på besøk til kunstnarar, der vi mellom anna har jobba med teikning, måling, skulptur, keramikk, collage, tekstil, arkitektur, akvarell, silketrykk, glassblåsing, dreiing av leire, oljemåling og maskinstrikking. Vi har vore på utflukter til Sandane, Balestrand og Bergen og vi har besøkt utstillingar og utdanningsinstitusjonar i Bergen.

Vi har god erfaring med dette kunsttilbodet, og om du lurer på kven vi har jobba med, så finn du meir om dette her: 

https://sunnfjord.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-friluftsliv/kulturskulen/undervisningstilbod/fordjuping-ung-vestland/visuell-kunst-sunnfjord-forde/tidlegare-ar-fordjuping-visuell-kunst/

Har du lyst å søke fordjuping? Då gjer du slik:

• fyll ut påmeldingsskjemaet

• skriv nokre linjer i skjemaet om kven du er, kva læraren din heiter og om kvifor du ynskjer å delta på tilbodet.

 Om du ikkje kan komme på teiknelaurdagen, kan du allikevel søke. Da ønskjer vi å sjå nokre teikningar fra deg. Snakk med læraren din om dette.

• frist for å søke fordjuping visuell kunst er 5. september.


• Pris pr. semester kr. 500,-

Velkomen som søkjar!

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt:

Ingjerd Monsen Hjelmeland
koordinator fordjuping visuell kunst
Tlf: 99230970
E-post: ingjerd.monsen.hjelmeland@sunnfjord.kommune.no

Trude Skarvatun
Ansvarleg for fordjupingstilbodet
Tlf: +4741505970
Epost: kulturskulen@sunnfjord.kommune.no

Lærarar