Folkedans

Kulturskulen tilbyr kortkurs i folkedans i skuleåret 2024/2025.

Vi kjem til å informere om kursdato så snart tidspunkt er spikra.

Sett deg gjerne på ventelista for å bli informert!

Om folkedans:

Norsk folkedans er ein stor sjanger som byr på mange slags dansar. Pardansen har vore brukt i Noreg i fleire hundre år, og blir fortsatt dansa på ulike sosiale tilstelningar. Reinlender, Springar, Hamborgar og Halling er nokre eksempel. Folkeleg dans er ein sosial dans, og fokuset på varisajonar og samdans står sterkt!

Historie:

Dei eldste folkedansformene i Noreg er ofte rekna for å vera omkring 400 år gamle. Pardansane er litt ulikt oppbygd, etter som kor dansane blir dansa - nett som dialektene våre. I Sunnfjord er det mange ulike dansar og dansemåter som har vore nytta, og dei blir fortsatt dansa mykje i dag. 


Berømte personar som danser folkedans: 
Märtha Louise, Ådne Kolbjørnshus, Margit Myhr, Hallgrim Hansegård.

Lærarar