Fordjuping - visuell kunst Sunnfjord

Fordjuping er eit tilbod til spesielt interesserte og motiverte kulturskuleelevar, til elevar som vil noko meir, som er i alderen 13-19 år og som er elev i ein kulturskule i regionen. 

Fordjuping - visuell kunst


Søknadsfrist er 1. juni 2024

Tilbudet har 8-10 elevplasser og undervisninga går føre seg i eit inspirerande fagleg og sosialt fellesskap.


Samlingshelger for vårsemester 2024:

Laurdag 13.1. 11-17, Bjørn Are Vollstad, arkitektur

Laurdag 16.3  11-17 og søndag 17.3 11-16, Mona Grønstad, billedkunstner, akvarell

Laurdag 13.4 11-17, Maria Hjelmeland, billedkunstner, silketrykk

Laurdag 1.6, tur til Bergen med glassblåsing hos Sigrid Rostad, kunsthåndverker, og besøk til ulike utdanningsinstitusjonar.

Ved å treffe andre som skapar på eit høgt nivå, blir ein inspirert og ein kan få venner med felles interesser. Elevane får undervisning av ulike profesjonelle kunstnarar innanfor deira spesialfelt.
Det vert stilt større krav til engasjement og fysisk oppmøte ved deltaking i eit fordjupingsprogram samanlikna med ordinær undervisning. Og det vert forventa heimearbeid mellom samlingane.


Fordjupingstilbodet skal fungere som ei forlenging av kjernetilbodet (det vanlege tilbodet du har i kulturskulen din), og kan vere ei førebuing for dei som ynskjer å søke vidare til høyere utdanning innan faget. Fordypningselevar kan fortsette på fordyping, sjølv om dei kjem inn på KDA (Kunst, Design og Arkitektur) på vidaregåande.
Dei første samlingane vil vere i kunstsalen til Sunnfjord kulturskule, Førdehuset i Førde. Våren 2023 legg vi opp til undervisning 4 lørdager fra kl. 11-17 i Førde. Etterkvert kan det bli aktuelt å flytte stad, avhengig av kva vi skal jobbe med og med kva for kunstnarar.


Pris pr. semester kr. 500.

Velkomen som søkjar!

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt:

Ingjerd Monsen Hjelmeland
Prosjektleiar fordjuping visuell kunst
Tlf: +4799230970
Epost: kulturskulen@sunnfjord.kommune.no

Lærarar