Fordjuping - Storband Sunnfjord

Fordjuping er eit tilbod til spesielt interesserte og motiverte kulturskuleelevar, til elevar som vil noko meir, som er i alderen 13-19 år og som er elev i ein kulturskule i regionen.


Fordjuping - storband

  • slagverk
  • el-bass eller kontrabass
  • piano
  • el-gitar
  • trompet
  • trombone
  • saksofon
  • ev. vokalist/songar

NB! Det er plass til fleire elevar på kvart instrument.

Utkast til samlingsdatoar skuleåret 2024/25:

(med atterhald om endringar, endeleg plan klar i august)

21.-22. september 2024

2.-3. november 2024

18.-19. januar 2025

1.-2. mars 2025

Du får ein sosial og fagleg møteplass med andre som har samme interesse.

Fire helgesamlingar (laurdag+søndag) med samspel, musikkteori og tilpassa opplegg. 

Samlingane foregår i hovudsak i Førde. 

Musikalsk leiar Raimund Hoclas (Raimund.Hoclas@bremanger.kommune.no, tlf 94844885)

Kulturskulen organiserer overnatting, noko foreldreinnsats må reknast med i samband med overnatting.



Har du lyst å søke? Då gjer du slik:
• Søknadsfrist: 10. juni 2024 (kulturskulelæraren tilrår elevar å søke). Supplerande opptak inntil 31.8.2024.
• fyll ut påmeldingsskjemaet (link til påmelding)
• skriv nokre linjer inne i skjemaet om kven du er, kva læraren din heiter og din motivasjon for å delta på tilbodet
• Lag ein video med 1-2 låtar og legg ved søknadsskjemaet (opptak på mobil går fint og læraren din kan heilt sikkert hjelpe deg)
• Etter innsendt påmelding kontaktar vi deg og dine føresette for å avtale intervju, anten i Førde eller digitalt.
• Pris pr. semester kr. 500,-

Velkommen som søkar!

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt:

Trude Skarvatun
Prosjektleiar fordjuping storband
Tlf: +4741505970
Epost: kulturskulen@sunnfjord.kommune.no

Lærarar