Pusekatten

i form etter Nina Råheim (1883-1979), Gaular. Lokal sangskatt med rørsle til.

Pusekatten sit på taket er ein tradisjonell song som fins i fleire former rundt omkring i landet. Den forma de har her er etter Nina Råheim frå Gaular. Denne er godt eigna til å tilpasse dykkar eiga dialekt.

 

Tips til innlæring:

1. Syng heile songen for ungane medan dei er med å hermer rørslene.

2. Lær så vekk to og to linjer, alltid med rørslene samtidig. Du syng først, så saman med barna etterpå.

3. Ungane klarer fullt tempo med ein gong. Del den heller opp i delar
(ei eller to linjer) om det er behov for repetisjon.

4. Rørslene må vere store og tydelege, slik at alle klarar dei.
Nokon vil henge litt bak, medan andre vil klare det med ein gong.

Pusekatten sit på taket,
tala med sine små døtre.
Kor ska vi hen te vinteren,
vi fryse på våre små føte?
Vi ska reise te Danmark,

kjøpe sko for ein halv mark.
Treni, treni, peparkånnj.
Pusekatten bles i sylvarhånnj.
Pusekatten slær på tromma,
med fire små myse i lomma.