Høgtlesing av «Pølsetjuven» med lesestopp og samtale

I førebuinga til høgtlesing av denne boka kan vi finne stadar som passar godt til utforsking og samtale. Pølsetjuven har form som ein teikneserie med mange replikkar frå karakterane. Difor kan det også vere fint å førebu seg ved å bestemme seg for korleis stemmene skal vere. Nokre er kanskje lyse og energiske, medan andre er mørke og tenksame. I førebuinga kan vi også velje kva for ord som skal få vekt og tyngde, og planlegge korleis vi skal variere tempoet i lesinga. 

Første del: Framsida og innside-permen 

Oppstart
Lat ungane gjette kva boka kjem til å handle om. Sjå på omslaget og studer innsidepermen. 

Høgtlesing

  • Boka heiter «Pølsetjuven». Kva er ein tjuv? 
  • Sjå på Kjell. Ser han ut som ein tjuv? Kvifor? Kvifor ikkje? 
  • Sjå på alle husa i byen. Kva trur du dei som bur i husa jobbar med? Kvar trur du Kjell bur? 
  • Kva for eit hus er finast? (Kvifor?) Kva for eit hus er rarast? Kva for eit hus ville du ha budd i? 

  
Avrunding
Kva trur du kjem til å skje i denne forteljinga? Kjem det til å bli kjekt? Kjem det til å bli skummelt? 

Andre del: Les dei fire første oppslaga i boka, fram til «Nei, å plukke søppel er ikkje å stele. Det er å rydde. Tjuvar ryddar då ikkje.» 

Oppstart
Sjå på det første oppslaget saman. Kva seier dei til kvarandre? 

Høgtlesing

  • Kvifor må Kjell og familien hans stele? Kva kunne dei gjort i staden? 
  • Såg du noko du synst var rart på desse sidene? Såg du noko du synst var fint? (Peike, forklare)
  • Kjell vil ikkje vere tjuv. Han vil heller bli brøytebilsjåfør, hestetemjar eller grønsaksbonde. Kva drøymer du om å bli?
  • Kva vil du kjøpe for pengane du kjem til å tene? 

  
Avrunding
Mamma og pappa er ikkje fornøgde med Kjell. Han får skjenn fordi han er ein dårleg tjuv. Er det rettferdig? Kva kan Kjell gjere når han får skjenn? Kva kjem til å skje vidare i forteljinga? 

Tredje del: Les dei fem neste oppslaga i boka, fram til «Han kjem til å tru at det er Kjell som har sladra» 

Oppstart
Sjå på det første oppslaget saman. Kven er han som står og vinkar, trur du? Kva trur du han og Kjell seier til kvarandre? 

Høgtlesing

  • Per og familien skal på ferie til ein supereksotisk plass. Kva er det for ein plass, trur du? Korleis ser det ut der? Kva kan ein gjere på? Kva kan ein ete?
  • Kjell blir sjuk og seier at han ikkje kan vere med å stele. Kvifor har han fått vondt i magen, trur du? 
  • Kva stel tjuvane frå Pølse-Per sitt hus?
  • Kva stel Kjell frå Pølse-Per sitt hus? 

Avrunding
Kjell får ikkje sove. Han har dårleg samvit. Kva betyr det? Har du hatt dårleg samvit nokon gong? Kva kan vi gjere når vi har dårleg samvit? 


Fjerde del: Les dei seks neste oppslaga i boka, fram til «Nei, no må eg forte meg heim før dei vaknar.» 

Oppstart
Sjå på det første oppslaget saman. Kva har Kjell tenkt å gjere med bildet han tok frå Pølse-Per? 

Høgtlesing

  • Du ser ut som ein tjuv, seier mannen i skogen. Ser Kjell ut som ein tjuv? Kvifor? Kvifor ikkje? 
  • Kvifor bur ordføraren, slaktaren og buss-sjåføren ute i skogen, trur du? 
  • Har du nokon gong tenkt på å rømme ut i skogen? Kva skulle du ha ete? Kor skulle du ha budd? 
  • Korleis klarer Kjell å levere tilbake alt familien har stelt? Kva trur du familien hans kjem til å gjere no? 

 
Avrunding
Alle som bur i skogen vil hjelpe Kjell. Kvifor vil dei hjelpe han, trur du?  Korleis kan vi få hjelp når vi treng det?
Kjenner du nokon som treng hjelp? Korleis kan dei få hjelp? 

Femte del: Les resten av boka. 

Oppstart
Sjå på det første oppslaget saman. Per får eit brev frå familien sin. Kva trur du det står i brevet? 

Høgtlesing

  • Det står i brevet at Kjell manglar grunnleggjande tjuveigenskapar. Kva betyr det, trur du? 
  • Kjell veit nøyaktig kva han skal gjere. Kva er det han skal gjere? 
  • Går det an å bytte jobb? Kjenner du nokon som har bytta jobb? Kjenner du nokon som har lyst til å bytte jobb? 
  • Ser du at Kjell har fått nye klede i slutten av forteljinga? Kvifor tek han på seg andre klede, trur du? 

Avrunding
Sjølv om Kjell ikkje vil vere tjuv får han fortsette å bu i lag med familien sin, som er tjuvar. Synst du det var bra? Kvifor? Kvifor ikkje? Var det noko som var morsomt i denne boka? Var det noko som var spennande? Var det noko som var trist? Var det noko som var rart? Vil du lese fleire bøker om Kjell? Det finst ei bok til! Den heiter Polititjuven. Den kan du låne på biblioteket eller ønske deg til bursdag eller jul. Du må ikkje stele den! 

 

  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Litterær samtale som dialogisk lesing eller høgtlesing med lesestopp peikar mot fleire av kompetansemåla i læreplanen for grunnskulen i norsk etter andre trinn: 
•    lytte til og samtale om skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk
•    utforske og samtale om oppbygginga av og tydinga til ord og uttrykk
•    uttrykke tekstopplevingar gjennom leik, song, teikning, skriving og andre kreative aktivitetar
•    samtale om og skildre korleis ord vi brukar, kan påvirke andre.