Pølsetjuven

Marianne Gretteberg Engedal, det norske samlaget (2019)

Kjell, ein ny klassikar?

Marianne Gretteberg Engedal har så langt vore mest kjend gjennom
instagram-kontoen «Skinkeape». Femti tusen følgjarar set pris på dei lubne, snåle figurane hennar. I «Pølsetjuven» står desse figurane fram som det mest påfallande ved originaliteten i boka.

Kjell er tjuv. Han bur i eit røvarhus rett utanfor ein fredeleg, fargerik by. Visst minner scenografien om Kardemomme-by, men berre som ein fjern, gammal slektning.

-Kvifor stel me, eigentleg? spør niåringen ved frukostbordet. Familien prøver seg med fleire tvilsame forklaringar, før dei slår fast: Alt kan og må stelast.

Kjell drøymer om noko anna. Om han ikkje hadde vore tjuv, kunne han tenkt seg å vere hestetemjar, brøytebilsjåfør eller grønsaksbonde.

Både huset, interiøret og kleda til Kjell og familien er i svarte og kvite
fangedrakt-striper. Tjuvane har dessutan svarte røvarbriller. Denne markøren er tradisjonell og tydeleg, men også dei andre familiane i byen har sine særmerke. Det kan vere underlege hovudplagg, klesdrakter eller frisyrar. Når alle ungane møtest på skulen er det eit mylder av fargar og former i oppslaget. Som lesar får du leggje augo på noko du ikkje har sett før.

Bodskapen derimot, er ein klassikar: Alle er forskjellige, men inni er vi like. Kven drøymer ikkje om å vere noko anna?