Per Sjuspring

trad. sangleik/dans

Per Sjuspring er ein songleik som høver godt for fleire aldersgrupper.
Dei små kan springe, dei fleste klarar å vifte med peikefingeren, nokre klarar å sette ned ein fot eller to, medan andre klarar heile songen. På den måten er den inkluderane for alle, og alle kan kjenne at dei er med på leiken, uavhengig av nivå/utvikling. Songleiken har berre store bevegelser, noko som er fordelaktig i leikar for små born.

 

Tips til innlæring:

1. Lær vekk teksten/melodien «Har du sett Per Sjuspring danse» medan ungane står i ein ring.

2. Fortell at vi skal springe rundt i ein ring medan vi syng teksten to gonger.

3. Så fort teksten er ferdig, sei «stopp».

4. Fram med peikefingeren, lær vekk «tror du ei han danse kan, han danser som ein adelsmann», medan de vifter med handa.

5. «Det var ein». Dette gjer de medan de sett fram eine foten.

6. Repeter heile songen med «Det var ein, det var to». Det kan vera lurt å sei stopp på samme plass som pkt. 3. kvar gong første gongen de leikar den.

7. Når de er gjennom heile 1234567, så kan dei songen, den er ferdig innøvd av seg sjølv! Gjer den gjerne ein gong til i løpet av økta, ungane synes ofte den er morosam.

 

Har du sett Per Sjuspring danse?

Har du sett Per Sjuspring danse?

Tror du ei han danse kan?

Han danser som ein adelsmann

Det var 1.

(2, 3, 4, 5, 6, 7.)