Song, dans og telleregle

Musikk, dans og rørsle er ofte den aller første forma for kunstnarleg uttrykk vi møter og kjenner glede over som små born. Folkemusikken har sitt utspring i dei nære møta mellom den som spelar eller syng, og den som lyttar; So ro, liten tull, gjev eg hadde stova full. Bånsullen finn forma si i heimen, lokalt eller i små miljø, slik alle former for folkemusikk gjer. Den lokale tilknytinga er ein føresetnad i folkemusikken. Dette er eit særmerke og ein styrke for formidlinga til barn på fleire måtar:

 

· Songane er ofte tilpassa lokale dialektar.

· Barna får lære seg ord og uttrykk frå sitt eige målføre.

· Orda er gjerne finurlege og fine å ta i munnen.

· Barna får fryde seg over språket sitt og tek dermed viktige, første steg på vegen mot språkleg tryggleik og sjølvstende.

 

Musikken er tradert gjennom generasjonar og er stadbunden i forma si, inspirert både av geografi og landskap, men også av lynnet og stemning. Borna tar del i, og blir sjølve ein del av den musikalske identiteten og tilknytinga når dei møter folkemusikk og -dansen allereie i barnehagen.

 

Den lokale tilknytinga har også ei sosial side. Først saman med dei andre i barnegruppa, og sidan saman med dei andre der barnet bur. Små og store, unge eller gamle. Folkemusikken knyter oss saman på tvers av tida, på grunn av at vi høyrer til der vi er. Når tonane, rytmen og rima får vere ein del av barndommen vår, vert musikken og dansen også ein del av identiteten vår. Møte med slike kunstformer i barnehagen og på skulen er kjelder til livslang glede.

 

Gjennom å lære om, utøve og leike med ulik folkemusikk, -dans, -song, kan ein få utforska mange kreative og kunstnarlege sider av både seg sjølv og borna. Det kan dreie seg om å inspirere til å dikte nye tekstar, eller spinne vidare på melodiar, rørsler og leikar. Mykje av repertoaret er knytt til tema som barn er opptekne av, til dømes dyr, natur og troll.

 

Folkedansen spring ut det naturlege rørslemønsteret vi lærer og leikar oss i frå vi er små, slik som å springe, hinke og hoppe. Difor handla dei kreative prosessane om å sikte mot koplingar mellom tradisjonsstoffet og barna sine referanserammer og interessefelt. Arbeide med melodi, tekst og rørsle kunne vere ein inkluderande aktivitet, der alle kan vere med og kjenne seg trygge. Barna er i ulik alder og modningsnivå. Nokre kan både syngje og koordinere songen med dans og rørsler. Andre berre syng. Nokre vil helst berre danse. På denne måten er repertoaret inkluderande for alle i barnegruppa.