Oppen Poppen

i form etter Lars Ryssdal (1911-2004), Sandane

Oppen Poppen er ei elle-regle, på same måte som «elle melle deg fortelle». Denne kan ein bruke når ein skal velje nokon til ein leik eller liknande.

Tips til innlæring:

1. Øv på handbevegelsen først. Finn fram to knyttnever, slå to gonger på den eine neven, så to gonger på den andre. Dette kan vere utfordrande å få til, så bruk god tid på dette.

2. Øv setningane kvar for seg i rekkefølge først, medan de slår med knyttnevane (fram til tellinga).

3. Bestem kven de skal begynne å elle på. Bruk peikefingeren medan de tel.
Det er viktig å vere overtydeleg med kven ein peikar på.

4. Syng regla eit par gonger, slik at de hugsar teksten.

Oppen Poppen

Spelemann i toppen

Sprang over gjerdet

Tok seg ei pære

Delte den i mellom sju

1, 2, 3, 4, 5, 6, 7

- Du er ein stor tjuv!