Frode Laks

Han Frode Laks er den raude tråden i dette opplegget, og er ein figur som barna skal bli godt kjende med. Ein må derfor byrje med å lese denne teksten om Frode Laks for barna som ein introduksjon. Du finn den også trykt på baksida av Frode Laks sitt kort. Ta gjerne opp att teksten om Frode Laks fleire gonger.

Hola! Allo! Hey! Haye! Hujambo! Sawubona! Hallo!

Hei!

Frode Laks, heiter eg.
Så kjekt å få vere her med dokke! Her var det lyst og fint!
Eg har reist hit inne i denne veska, eg såg ingenting.
Det var bekmørkt. Kolmørkt. Mørkt som i grava. Svartare enn svartast.

Eg visste ikkje kor eg skulle. Så eg øvde meg på å seie hei på mange språk.
Kanskje skulle eg heilt til Afrika – Sawubona! Eller til Kina: Haye!

Veit du kor eg bur?

Her får du eit tips: Eg er som sagt ein laks. Frode Laks.
Eller, som det står i passet mitt: F. Laks. Fffflaks!
Flaks at eg bur i elva, då – sidan eg er laks. Maks flaks!

Elva mi, den er så fin, du har sikkert sett ho? Ho renn forbi, rett her bortanfor skulen/barnehagen din. Der bur eg!

Ho er så blank og bjutiful, ha ha – eg kan snakke engelsk og.
Det kjem nemleg ofte turistar til elva mi, eg har høyrt kva dei seier:
Bjutiful – det betyr fin, på engelsk.

Elva mi…

Av og til sildrar og suldrar ho, klukkar og klokkar, siklar og suklar.

Men somme tider brusar og brasar ho, buldrar og brakar, tordnar og trommar.

Eg ligg nede i vatnet, eg er aldri redd.
Ikkje når eg ligg i elva mi, der eg bur.
Eg ligg i elva mi og tenkjer.
Eg tenkjer på kor vatnet har vore før.
Kor kjem vatnet i frå? Kor reiser det hen?

Kanskje kjem det frå Kina, kanskje dreg det til Afrika.
Ja, det er heilt sant. Det kan skje!
Vatnet det reiser nemleg i skyene.
Over heile himmelen. Over heile jorda.
Vatnet reiser i regnet og i snøen.
Visst vatnet må kvile seg litt, visst vatnet blir trøtt av all reisinga.

Kan vatnet kvile i isen?
Korleis? Nei, det må du spørje ein vaksen om.
Det er jo ikkje eg som er vaksen her. 
Eg er Frode Laks. F. Laks. Flaks at eg kom!
Men eg kom ikkje aleine.

Eg kom i lag med ein som heiter Per.
Eg kom i lag med ein som heiter Poppen.
Eg kom i lag med pannekaka og ein pølsetjuv!
Eg kom i lag med ein boks og ein pusekatt!

Eg skal sei deg, eg er livredd for kattar. Kattar er det verste eg veit.
Kattar er verre enn verst.

Og blikkboksar. Visst dei ligg i elva.
Eg har heilt skrekken for blikkboksar i elva.

Kvifor? Det skal eg fortelje. Det må dei vaksne også lære:
Fordi eg kan skjære meg på dei.
Eg har ikkje særleg tjukk hud.
Eg har ikkje føter, berre denne sporen.
Eg har ikkje armar, berre desse luffane.
Eg kan ikkje plukke boksane og alt det andre bosset vekk frå elva.
Nokon må hjelpe meg med det. Kanskje du kan hjelpe meg?
Eg drøymer om at elva mi skal vere blank og bjutiful, for alltid.
Ikkje full av boksar og boss.

Når elva mi er blank og bjutiful, då blir eg så glad at eg får lyst å ta på meg
laks-skoa og danse!
Nei, ikkje lakk-sko! Det har eg ikkje, eg har jo ikkje føter. Det sa eg jo nettopp.
Laks-sko! Det er noko heilt anna, noko hemmeleg. Top secret!
Det er alle laksar sin løyndomsfulle løyndom.
Har du ein løyndom? Noko hemmeleg du ikkje kan seie?
Ikkje sei det! Då er det jo ikkje hemmeleg lenger.

Det er ikkje lett å danse utan bein.
Men eg har jo bein.
Fiskebein.
Det er berre det at dei ligg inne i kroppen min.
Så eg kan ikkje danse med dei.
Eg kan ikkje gå på ski med dei, heller.
Men det kan du! Når du går opp ein bakke med ski, går du fiskebein.
Mønsteret i snøen lignar på beina mine, dei beina eg har inne i kroppen.

Korleis eg veit det? Eg har sett det på røntgen!
Kva røntgen er? Det må du spørje ein vaksen om.
Det er jo ikkje eg som er vaksen her.
Eg er Frode Laks. Flaks at eg kom.
Maks flaks.