Frode Laks

«Ei kulturell bru mellom barnehage og skule»

FRODE LAKS - introduksjonshefte (PDF, 18 MB)

OVERGANGSOBJEKTA - 7 kort til nedlasting (PDF, 7 MB)

Bakgrunn for utviklingsprosjektet

Overgangsprosessar i oppvekstløpet er sårbare periodar og kan støtte eller svekkebarnet si utvikling, sjølvbilde og livskompetanse. Opplevelse av samanheng er viktig for at barn og unge skal meistre overgangane og kome styrka gjennom.

Overgangsobjekt er symbol som vekker positive kjensler og slik kan trygge barnet i utsette periodar. Kulturarven med musikk, dans og rørsle er ofte den aller første forma for kunstnarleg uttrykk vi møter og kjenner glede over som små born. Folkemusikken har sitt utspring i dei nære møta mellom den som spelar eller syng, og den som lyttar. I dette utviklingsprosjektet vil vi forsøke å utnytte potensialet i kulturarven som overgangsobjekt.

Som ny stor kommune har Sunnfjord mange barnehagar og skular med ulike kulturar og innhald. Barna går heller ikkje nødvendigvis i den barnehagen som soknar til skulen deira. Med kulturarven som plattform kan vi utvikle felles identitet, forståing og praksis knytt til arbeidet med overgangar i oppvekstløpet. Når tilsette i skule og barnehage brukar felles kulturelle verktøy for å støtte barna si meistring av overgangar, vil barna erfare samanheng uavhengig av kva base dei kjem frå og går til.

I lag kan vi bygge det beste laget rundt alle barna, med særskilt fokus på dei som er sårbare i samband med overgangar.

KS (Kommunesektorens organisasjon) og Norsk kulturskoleråd samarbeider om prosjektet «Kulturskule 3.0» der formålet er å sette fokus på kulturskulen sin funksjon, oppgåve og rolle i det kommunale tenestetilbodet. Sunnfjord kommune/kulturskulen har deltatt i dette utviklingsarbeidet i 2021-2022 og valte «overgang  barnehage – skule» som utviklingsprosjekt. Prosjektet er forankra både politisk og administrativt hjå kommunalsjef for skule, kultur og barnehage i Sunnfjord kommune.

Utvalet av overgangsobjekt er gjort i samarbeide med representantar frå skule, barnehage, SFO, kulturskule og bibliotek.

Slik kjem du i gang

Dette finn du i veska: 

  • Frode Laks (kosedyr)
  • 7 laminerte kort i sidelomma (eit kort til kvart overgangsobjekt)
  • Boka «Pølsetjuven»
  • Boka «Barnas Store Eventyrbok»
  • Introduksjonshefte

Dette må du skaffe sjølv:

Til overgansobjektet «Spark på boks» må de skaffe ein hermetikkboks sjølv.
Denne kan leggjast i veska til seinare bruk.

Vi har følgjande overgangsobjekt:

 

 

 

Desse 7 overgangsobjekta skal bidra til å bygge ein trygg samanheng og ei bru for barna mellom barnehage og skule. Bruk dei i den rekkefølga som høver for dykk.

Det heile er knytt saman av ein figur som kan snakke flytande; Frode Laks. Frode Laks er med på det meste som er kjekt. Begynn gjerne med å lese teksten om Frode Laks, og ta han med i arbeidet med objekta, og vidare inn i andre aktivitetar. Du finn teksten her i heftet, eller bak på Frode Laks sitt kort.

Det er viktig å ta barna med på leiken – tulle og tøyse er lov. Lag gjerne di eiga stemme til Frode Laks og bruk objekta på dykkar måte.

Det er viktig at alle førskulebarn vert kjende med alle objekta, slik at når skulen tar desse opp att, er dei godt kjende blant alle barna. Dette skaper tryggheit, samkjensle og identitet. Meir info om kvar av objekta finn du her på nettsida til Frode Laks (www.frodelaks.no).

Frode Laks er utarbeida av:

Sunnfjord kommune
KULTURSKULE
BARNEHAGE
SFO
SKULE

Prosjektgruppe:

Trude Skarvatun, rektor  Sunnfjord kulturskule
Andreas Fonn Macsik, rådgjevar fagutvikling Sunnfjord kommune
Turi Bruland,  rådgjevar fagutvikling Sunnfjord kommune

Ressursgruppe:

Janne Karin Støylen, Svidal skriveri
Ole Nilssen, distriktsmusikar og kulturskulelærar i Sunnfjord kulturskule, folkemusikk trekkspel
Ingrid Schei Stuhaug, tidlegare distriktsmusikar og kulturskulelærar i Sunnfjord kulturskule, folkemusikk hardingfele

Styringsgruppe:

Hilde Bjørkum, tidlegare kommunalsjef for kultur og idrett i Sunnfjord kommune
Åge Stafsnes, kommunalsjef for skule
Kristine Steindal, tidlegare kommunalsjef for barnehage i Sunnfjord kommune


Film, utforming og illustrasjonar: 
Anita Höllige, ass. rektor Sunnfjord kulturskule

Artikkelliste