Familielaurdag på kulturskulen

Gratis aktivitetar for barn – morosame verkstadar og stasjonar

Laurdag 9. mai kl. 11.00–14.30 inviterer Sunnfjord kulturskule til Familielaurdag. Denne dagen kan barn og familiar kome innom kulturskulebygget og vere med på korte, levande og morosame verkstadar innan musikk, teater og kunst.

Her kan ein prøve instrument og utforske lyd, leik og uttrykk. Verkstadane varer i om lag 15–20 minutt og er laga spesielt for denne dagen. Dei byr på morosame aktivitetar og er tenkte som ei første, uformell oppleving med musikkinstrument, teater og visuell kunst.

Det er gratis å delta, og det er inga påmelding på førehand.
Billettar til verkstadane blir delte ut fortløpande i resepsjonen ved inngangen. Ein kan velje sjølv korleis dagen blir – hente billettar på ein gong eller kome tilbake undervegs.

 

Verkstadar og stasjonar

  • Tull & Teater
    improvisasjon og teaterleikar med Greta
  • Kunstverkstad
    lag din eigen animasjonsfigur med Camilla
  • The Groovy Trombones
    tromboneverkstad med Mari Therese
  • Orgelsprell
    med Asbjørn
  • Pianolab
    korleis blir lyden til? med Noemi
  • Gitar!
    eit instrument, tusen sjangrar – med Jacob
  • Pianørene
    ein lyd- og speleverkstad for nysgjerrige øyre med Anja og Karl Erik
  • Huldras hemmelege melodi
    kan vi lokke fram Huldra med hardingfela og song? med Britt Pernille og Christine
  • Fiolinfiske
    vi fiskar fram melodiar – spel, lytt og lær med Henri
  • Lunas magiske fløyte
    Kor er Luna? Musikktablå med Helga
  • Eventyr med rytme og lyd
    vi lagar ei forteljing med lydar frå slagverkinstrumenta – med Dimiter
  • Den raude skattekista
    songleikar og regler med Julia
  • Tut & Kjør Bandet
    vi lagar eit band på null komma niks! – med Harald
  • Fotohjørnet med teaterkostymar
    open stasjon i foajéen
  • Den hemmelege melodien
    rebus gjennom kulturskulen

 

Velkomen til ein kjekk og uformell dag på Sunnfjord kulturskule –
vi gler oss til å ta imot både små og store! 🎶🎭🎨

Slik finn du fram