Tippe tippe tue

 Eit musikalsk møte med tre av våre fremste unge folkemusikarar

I dette programmet får elevane møte folkemusikarane Malin Alander, Ingrid Stuhaug og Ole Nilssen. Dei byr på ein variert og leiken meny med både gneistrande slåttespel på hardingfele og trekkspel, vakre folketonar, og eit knippe rim og regler som elevane skal få lære seg nokre av. Regien er ved Jeff Pedersen.

Les meir