Sunnfjord kommune

Momskompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg - 2022

Momskompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg - 2022

Gregory Idehen Frå 15. september 2021 kan ein levere søknad om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg, for behandling i 2022. Tildeling av kompensasjon forutset bevilging frå Stortinget. Dersom bevilging ikkje rekk til full kompensasjon, vil den prosentvise avkortinga vere lik for alle godkjende søknader.

Alle som søker om kompensasjon må merke seg følgjande punkt:

  • Det er vedteke ny søknadsfrist. Dette for å gi bedre oversikt over behovet ved utarbeiding av budsjett.
  • Ufullstendig søknad og vedlegg vil kunne føre til at søknaden ikkje vert behandla.
  • Ordninga omfattar alle som søkjer om spelemidlar og oppfyller vilkåra for å motta spelemidlar gjennom Kulturdepartementet si tilskotsordning for bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet, med unntak av kommunar/fylkeskommunar og kommunale foretak. Spelemiddelsøknaden må vere i formell orden før søknaden om kompensasjon kan innvilgast.
  • Anlegget må vere ferdigstilt før ein kan søkje om kompensasjon. Rekneskapsskjema og revisjonsrapport skal inngå som vedlegg til søknaden og må oversendast innan fristen.

Søknad:

Ein søker elektronisk via nettsida til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Der finn ein og vedlegg som må vere med søknaden.

Søknadsskjema og vedlegg

Søknadsfrist:

1. desember 2021

Departementet har opna for at søknader som vert sendt inn etter søknadsfristen kan bli behandla og motta kompensasjon i denne søknadsrunden. Det er ein forutsetning at det er budsjettmessig dekning for at søknaden vert innvilga innanfor ramma for bevilging til ordninga i startsbudsjettet for 2022. 

Søknader som kjem inn etter søknadsfristen vil bli prioritert i den rekkefølga dei er mottatt. Søknadsbehandlinga vert avslutta når det ikkje lenger er budsjettmessig dekning. Søknader som kjem inn etter fristen og som ikkje vert innvilga i 2022, vil bli behandla i neste søknadsrunde.

Informasjon frå Kulturdepartementet (PDF, 158 kB) ( gjeld søknader som kjem etter fristen)

 

Meir informasjon om ordninga