Søknad om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg – 2025 Gregory Idehen Frå 18. september 2025 kan du levere søknad om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg, for behandling i 2026. Tildeling av kompensasjon forutset bevilging frå Stortinget. Dersom bevilging ikkje rekk til full kompensasjon, vil den prosentvise avkortinga vere lik for alle godkjende søknader.Vilkår for å søke:Anlegget må vere ferdig, og anleggsrekneskapen må vere kontrollert og attestert av revisor.Ordninga gjeld idrettsanlegg der bygginga er sett i gang etter 1. januar 2010. Dersom utbygginga skal skje gjennom fleire byggesteg, er det berre byggesteg som er sett i gang etter 1. januar 2010 som kan vere med i søknaden om kompensasjon.For å kunne søke må det vere minst 15 000 kroner i søknadsberettiga meirverdiavgiftskostnadar.Søknad:Du søker elektronisk via nettsida til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Der finn du og vedlegg som må vere med søknaden.Meir informasjon og søknadsskjemaSøknadsfrist:1. desember 2025 Sist endra 08.10.2025 12.34