I Sunnfjord kommune har vi følgande idrettshallar som lag, organisasjonar og private kan leige:
- Bygstad Idretts- og fritidspark
- Førdehuset
- Gaularhallen
- Halbrendshallen
- Jølstrahallen
- Naustdalshallen
- Skei storhall
Korleis leige idrettshallane
- Her finn du informasjon om korleis du søke om fast treningstid
- For å leige Førdehuset tek du kontakt med driftskonsulent, Tor Emil Foslid
- For å leige dei øvrige idrettshallane:
Leige av idrettshall i Aktiv kommune
Prisar
Sunnfjord kommune har vedteke at alle kommunen sine idrettshallar skal leigast ut etter følgjande prisoppsett:
Prisliste
- Prisoppsettet legg til rette for at lag og/eller organisasjonar som nyttar idrettshallen mykje kan inngå i ein dugnad med kommunen for redusert leigepris.
- Det er også slik at alle frivillige lag og organisasjonar i Sunnfjord kommune kan leige til dugnadspris i helgar ved å syte for vakt og ansvarsperson sjølv.
- I vekene vil dugnadsansvaret ligge til fast(e) idrettslag for kvar hall.
- Kiosk er inkludert i leige av heil hall.
- Førdehuset er ikkje mogleg å leige med dugnad eller kiosk. Redusert pris for barn og unge (ved trening, ikkje kamp) vil framleis gjelde for Førdehuset. Det er ikkje sett av midlar i økonomiplanen til å utvide dette tilbodet til heile Sunnfjord kommune.
Kamp – Endre /avlyse
| Endre * |
| Seinast 5 dagar før oppsett dato | Halv pris (Ny dato fakturer full pris) |
| Seinast 10 dagar før oppsett kampdato | Full pris |
| Avlyse * |
| Seinast 5 dagar før oppsett dato. | Halv pris |
| Seinast 10 dagar før oppsett dato. | Full pris |
*Gjeld for seriekampar, treningskampar og turneringar
Avbestill arrangement
| Gebyr | Sats |
| Mindre enn 1 veke før arrangement | Full pris |
| Mindre enn 4 veker før arrangementet | Halv pris |
Privatpersonar og ikkje MVA pliktige organisasjonar betaler ikkje MVA. Bedrifter og MVA pliktige organisasjonar betaler MVA.
Sist endra 01.10.2025 08.18