Sunnfjord kommune

Søknad om fast treningstid i idrett- og symjehall i Sunnfjord kommune

Søknad om fast treningstid i idrett- og symjehall i Sunnfjord kommune

David Zadig Her kan du søkje fast treningstid i idrett- og symjehallane: Skeihallen, Jølstrahallen, Førdehuset, Halbrendhallen, Gaularhallen og Naustdalshallen.

Slik søkjer du om treningstider i idrett- og symjehallar

  1. Last ned excelarket under til din pc
  2. Skriv inn all nødvendig informasjon
  3. Send excelarket tilbake på e-post til hege.andrea.sannerhaugen@sunnfjord.kommune.no

Last ned dette excelarket for utfylling av ønska treningstid  (XLSX, 48 kB)

Søknadsfrist for fast treningstid

For skuleåret 2021/22 er søknadsfristnen1. mai 2021.
Sesongen følgjer skuleåret, totalt 38 veker.

Når treningstidene for 2021/22 er tildelt, og vi har oversikt over eventuelle ledige tider, så vil det bli høve til å søkje på desse.  Dette vil skje etter 1. september. Søknadsprosessen er den same. De kan då søkjer for ein kortare periode enn eit heilt skuleår. Det kjem meir informasjon her når den fristen nærmar seg.

Treng du hjelp til søknadsprosessen?

Du kan kontakte Hege Andrea Sannerhaugen eller Inge Larsen ved behov for hjelp til utfylling av skjema. Det vert også sett opp ein kveld eller to der vi er tilgjengelege for å hjelpe. Tidspunkt kjem.

Prisoversikt

Sunnfjord kommune har vedteke at alle kommunen sine idrettshallar skal leigast ut etter følgjande prisoppsett: 

  

  • Prisoppsettet legg til rette for at lag og/eller organisasjonar som nyttar idrettshallen mykje kan inngå i ein dugnad med kommunen for redusert leigepris. 
  • Det er også slik at alle frivillige lag og organisasjonar i Sunnfjord kommune kan leige til dugnadspris i helgar ved å syte for vakt og ansvarsperson sjølv.
  • I vekene vil dugnadsansvaret ligge til fast(e) idrettslag for kvar hall.
  • Kiosk er inkludert i leige av heil hall.
  • Førdehuset er ikkje mogleg å leige med dugnad eller kiosk. Redusert pris for barn og unge (ved trening, ikkje kamp) vil framleis gjelde for Førdehuset. Det er ikkje sett av midlar i økonomiplanen til å utvide dette tilbodet til heile Sunnfjord kommune.

Enkelttimar og arrangement

Idrettslag, organisasjonar eller private kan snart søke om ledige treningstider eller reservere anlegg til arrangement i Aktiv Kommune. Programmet vert lansert til sommar/haust 2021.

Her vil ein  kunne søke opp eit spesielt idrettsanlegg eller filtrere på type anlegg, idrett, fasilitetar eller bydel.

Prosess for tildeling og moglegheit for å klage

Informasjon om dette vil komme
 

Kontakt

Hege Andrea Sannerhaugen
Driftskoordinator idrettshallar
E-post
Telefon 57 72 61 15
Mobil 466 41 496

Kontorstad: Førdehuset

Inge Larsen
Idrettskonsulent
E-post
Telefon 57 61 27 63
Mobil 915 56 326
Anne-Grete Nøttingnes Rognsøy
Einingsleiar Idrett og friluftsliv
E-post
Telefon 57 72 61 14