Turforslag til fots
Du finn mykje gode turforslag på ut.no
I løpet av dei siste åra har Sogn- og fjordane fått 26 dagsturhytter og i Sunnfjord kommune ligg 4 av desse:
Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker. Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.
I samband med prosjektet "Over stokk og stein" i Naustdal er det ei rekkje merka turstiar og vegar som vert nytta til turar og rekreasjon. Turskildringar for dei 15 turane i Naustdal finn de her. (PDF, 10 MB)
Toppturar på ski
Sunnfjord strekker seg mellom Jostedalsbreen i aust og havnære toppar i vest. Sunnfjordfjella byr på snørike turar der du får alt frå bratte brearmar til kystutsikt, perfekte kvite sider, dalar og renner frå både avrunda og spisse toppar. I 2017 vart toppturboka i Sunnfjord gitt ut, og der finn du turforslag og mykje god informasjon.
I tillegg finn ein turforslag og mykje god informasjon på ulike nettsider, som visitnorway.no – Fjordkysten og Sunnfjord og skifantomet
Sykkelturar
Sunnfjord Utvikling har utarbeidd beskriving av 16 sykkelruter i Sunnfjord med bilete, kart, høgdeprofil og beskrivande tekst. Rutene som er plukka ut skal være enkle og lette å sykle slik at alle skal kunne ha glede av dei.
Utfartsparkering
Under finn du oversikt over tilrettelagte parkeringsplassar i startpunkt for turar. Mange av desse har parkeringsavgift eller bomavgift, for å kunne halde vedlike og/eller brøyte parkeringsplassen/vegen.
Kartlagte og verdsette friluftslivsområde
På fylkesatlas finn du oversikt over kartlagte og verdsette friluftslivsområder. Jølster vart ferdig med kartlegginga i 2018, og resten av Sunnfjord er påbyrja og planlagt ferdig i løpet av 2020.
Føremålet er å sikre kunnskap om kva friluftslivområde som fins i kommunen, og korleis desse vert nytta.
Statleg sikra friluftsområde
Sjølv om allemannsretten sikrar tilgang til ferdsle og opphald i utmark, er det nokon plassar behov for at areal vert sikra til friluftsliv gjennom kjøp eller avtale. Dette gjeld særleg i pressområde og på stader kor det er behov for tilrettelegging for ferdsle og opphald. Statleg sikring gjer til at kommunane kan søkje midlar til tilrettelegging mm i desse områda.
I Sunnfjord kommune er desse friluftslivsområda statleg sikra:
- Dvergsdalsdalen - parkeringsplass i tilknytning til friluftslivsområde
- Flugestøylen - delar av støylsområde og eitt tilhøyrande sel
- Langeland - parkeringsplass i tilknytning til friluftslivsområde
- Hestad - friluftslivsområde ved Hestadfjorden
- Sjøsanden - bade- og friluftslivsområde i Naustdal sentrum
- Russeneset - friluftslivsområde ved Førdefjorden