Turforslag til fots
På Norgeskart og UT.no finn du stiar og turvegar som er godt skilta, merka og tilrettelagt. I tillegg finn du gode turforslag på UT- kartet.
På Norgeskart finn du også oversikt over parkeringsplassar, badeplassar, gapahuk, dagsturhytter mm. som er tilrettelagt for deg som skal på tur. Der finn du også informasjon om turvegar og friluftsområde som er tilgjengeleg for rørslehemma.
Sunnfjord kommune har 5 dagsturhytter:
Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker. Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.
Preparerte skiløyper
Oversikt over preparerte skiløyper finn du på Norgeskart. Det største skianlegget i Sunnfjord kommune er Langeland skisenter. Her finn du også skiskyttaranlegg, rulleskiløype, skileikområde og flotte turløyper. Det er også preparerte skiløyper på Vassenden, Årdal og Instedalen. I tillegg er det nokon mindre anlegg som blir preparert når det er forhold til dette.
Toppturar på ski
Sunnfjord strekker seg mellom Jostedalsbreen i aust og havnære toppar i vest. Sunnfjordfjella byr på snørike turar der du får alt frå bratte brearmar til kystutsikt, perfekte kvite sider, dalar og renner frå både avrunda og spisse toppar. I 2017 vart toppturboka i Sunnfjord gitt ut, og der finn du turforslag og mykje god informasjon.
I tillegg finn ein turforslag og mykje god informasjon på ulike nettsider, som visitnorway.no – Fjordkysten og Sunnfjord
Toppturparkering
Det er etablert fleire toppturparkeringar som blir brøyta kvar vinter, og som er skilta. Mange av desse har parkeringsavgift eller bomavgift, for å kunne halde vedlike og brøyte parkeringsplassen/vegen.
Sunnfjord kommune har ansvar for 10 toppturparkeringsplassar.
Du kan betale parkeringsavgift til:
- VIPPS: 83338
- KONTO.NR: 3207.41.98219
- Dagsparkering: 60 kr
- Årskort: 600 kr (gjeld alle 10 p-plassane)