Sunnfjord kommune

Motorferdsel i utmark og vassdrag, landingsløyve for helikopter

Motorferdsel i utmark og vassdrag, landingsløyve for helikopter

Motorferdsel i utmark og vassdrag er som hovudregel forbode, for å verne om naturen og miljøet. Motorferdsellova opnar likevel for motorferdsel og landingsløyve for helikopter til visse føremål. Kommunen kan gje løyve til køyring for nyttetransport etter søknad. Det er ikkje høve til å gi løyve til turkøyring.

Helikoptertransport - endra praksis av helikoptertransport med hengande last:

Det er lov å stroppe på og av i utmark utan at det er å rekne som landing, og lossing med long-line er ikkje søknadspliktig i høve Motorferdselslova. Dette er gjeldane rettspraksis i utmark, men dersom det gjeld andre regler i forhold til lågtflyging, f.eks. i verna områder, så er det desse reglene som gjeld. I mange verneområder er det forbod mot flyging under 300 meter, så i dei tilfella er det søknadspliktig også ved bruk av  «long line».

Slik søker du

Du søker elektronisk om løyve til motorferdsel i utmark eller landingsløyve for helikopter. 

  • Legg ved kart som viser planlagt køyrerute.
  • Gjeld søknaden transport av funksjonshemma må du legge ved legeattest som dokumentasjon. 
  • Dersom du skal køyre over andre sin eigedom må du ha løyve frå grunneigar.

Søk om motorferdsel i utmark   

Har du spørsmål?

Om du treng hjelp til å søke, eller har spørsmål, ta kontakt med tenestetorga på telefon 57 72 20 00.

Kva er nyttekøyring?

Nyttekøyring kan til dømes vere bruk av snøscooter for utmarksnæring, transport av funksjonshemma, transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte som ligg minst 2,5 km frå veg. Sjå informasjon frå Miljødirektoratet

Kva skjer vidare?

Vi behandlar søknaden din innan tre veker. Det er i tillegg 3 vekers klagefrist etter vedtak og difor bør du alltid sende søknad minst 6 veker før transporten skal føregå.

Klage på vedtak

Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk brevet.

Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du ta kontakt med tenestetorga i kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer klagen. 

Kontakt

Solfrid Trå
Rådgjevar friluftsliv
E-post
Telefon +47 57 72 61 24