Klima og miljødepartementet har laga retningslinjer for motorferdsel i utmark . På heimesida til Miljødirektoratet finn du meir informasjon og vanlege spørsmål kring motorferdsel i utmark.
På bakgrunn av desse har Sunnfjord kommune vedtatt utfyllande retningslinjer for handsaming av søknader om motorferdsel i utmark (PDF, 692 kB). Her finn du døme på kva du kan gjera utan å søkje. Vi har lista opp døme på formål vi vurdera kan gis løyve, dersom omsyn til natur og friluftsliv ikkje tilseier noko anna. Du finn også døme på føremål som vert rekna som fornøyelseskøyring og ikkje får løyve.
Sjølv om formålet ditt kan få løyve, vert kvar søknad vurdert enkeltvis, og ut frå kor og når den skal føregå. Om transporten vert vurdert til å ha for stor ulempe for natur og friluftsliv, er det ikkje sikkert at du får løyve.
Motorferdsel i verneområde
Det er strenge restriksjonar for motorisert ferdsel i verneområda. Her treng du løyve både frå vernestyresmakta, og frå kommunen. Du finn oversikt over verneområde på naturbase.
Slik søker du
Du søker elektronisk om løyve til motorferdsel i utmark eller landingsløyve for helikopter i utmark.
- Legg ved kart som viser planlagt køyrerute.
- Gjeld søknaden transport av funksjonshemma må du legge ved legeattest som dokumentasjon.
- Dersom du skal køyre over andre sin eigedom må du ha løyve frå grunneigar.
Søk om motorferdsel i utmark
Har du spørsmål?
Om du treng hjelp til å søke, eller har spørsmål, ta kontakt med tenestetorga på telefon 57 72 20 00.
Kva skjer vidare?
Vi behandlar søknaden din normalt innan 3 veker. I feriar, spesielt i fellesferien om sommaren, kan de vera lengre sakshandsamingstid. Det er i tillegg 3 vekers klagefrist etter vedtak og difor bør du alltid sende søknad minst 6 veker før transporten skal føregå.
Klage på vedtak
Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk brevet.
Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du ta kontakt med tenestetorga i kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer klagen.