BUA - utstyrssentral i Sunnfjord kommuneBUA (Barn – unge – aktivitet) er ein gratis utstyrssentral som innbyggjarane i Sunnfjord kommune og omegn kan nytte seg av. På BUA kan du låne utstyr til sport og friluftsliv. Vi har utlån opp til 7 dagar per utstyr. Det er viktig at ein leverer tilbake innan tidsfristen, slik at andre får moglegheit til å låne same utstyr. Opningstider: Tysdag: 15–18Torsdag: 12 - 15 Mål med utstyrsordninganeÅ gje fleire moglegheit til å være fysisk aktive og teste fleire ulike aktivitetar, utan å vere avhengig av å kjøpe sjølv.Bidra til betre folkehelse, færre ulikskapar og mindre forbruk. Les meir om utstyrssentralen BUARegistrer deg i utlånssystemetAlle som ynskjer å låne utstyr må registrere seg i utlånssystemet med namn, telefonnummer og e-post. Fint om du gjer dette før du kjem.Lag din eigen låneprofilHer kan du låne fritidsutstyrBesøksadresse: Prestebøen 8, 6800 Førde, (ved sida av Førdehuset)E-post: buasunnfjord@sunnfjord.kommune.noTelefonnummer: 45 97 39 34Vi har drop-in ordning. Kom innom i våre opningstider og lån utstyr.Du kan ikkje bestille eller reservere utstyr. Utstyr til utlån:tursekkar, sitjeunderlagtelt, lavvo, liggerunderlag, lakenposar, soveposarfiskestengersyklar, sparkesyklar, trikssyklarkano, SUPrattkjelkar, rumpeakebrettfelleski, fjellski, slalomski, snowboard, hjelmtruger, pulk til barnbålpanne, kaffikjel, stormkjøkkenskateboard, hjelm, verne-utstyrvolleyball, fotball, fotballmål, badminton... og mykje meir!InnleveringsfristVi har utlån opp til 7 dagar per utstyr. Det er viktig at ein leverer tilbake innan tidsfristen, slik at andre får moglegheit til å låne same utstyr. Det er også mogeleg å låne/ leige fritidsutstyr hjå Sogn og fjordane turlag v/kontaktperson Hanne Bruaas 48 23 66 15/ sft@dnt.noIndre Sunnfjord Turlag har breutstyr og anna alpint utstyr, for meir info kontakt: indresunnfjord@dnt.noRandonee skia til Sogn og Fjordane turlag er hos Midtre Nordfjord Turlag, Vik Turlag og Luster Turlag. Noko kostnad kan påreknast. Ring på førehand. Sist endra 19.08.2024 14.39