TV-aksjonen, Sunnfjord 2026

Årets TV-aksjon er 18. oktober og går til NRC Flyktninghjelpa. Med di hjelp kan vi gi over 400 000 menneske på flukt i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo ein trygg heim og håp for framtida. 

Dette skal pengane gå til

Naudbustader:
Menneske med akutt behov for husly, eller som treng hjelp til å betre dei provisoriske bustadene sine, skal få livreddande hjelp. Dette kan vere alt frå telt til presenningar, tauverk, plankar, madrassar og anna utstyr, inntil NRC Flyktninghjelpa kan bidra med betre og meir varig husly.

far med tre barn framfor eit nedbomba hus - Klikk for stort bilete

 

tre barn som leikar med ballong framfor eit nedbomba husd ballongar framfor eit ned - Klikk for stort bilete

Mellombelse heimar:
Familiar skal få hjelp til å betre og reparere mellombelse bustader, og enkelte familiar skal få støtte til husleige. I tillegg vil NRC Flyktninghjelpa byggje om uskadde bygningar til bustader.

Varige heimar:
NRC Flyktninghjelpa vil rehabilitere øydelagde bygningar, slik at fleire kan få permanente heimar. I tillegg vil offentlege bygningar bli rehabiliterte, slik at folk kan vende tilbake til heimstaden sin og få tilgang til offentlege tenester.

 

Juridisk hjelp:
Med dei store øydeleggingane er det avgjerande å sikre retten til hus og eigedomar. NRC Flyktninghjelpa vil gi informasjon og juridisk hjelp for å sikre bustad- og eigedomsrettane til familiar som vender heim eller set opp mellombels husly.

Vatn og sanitærforhold:
NRC Flyktninghjelpa vil reparere og byggje opp att delar av infrastrukturen knytt til vatn og sanitærforhold. Slik kan dei skape eit godt og trygt miljø der familiar og barn har tilgang til reint vatn og gode sanitærforhold.

mor med baby på armen framfor ein flyktningleir med telt - Klikk for stort bilete

 

Aktivitetar i Sunnfjord

Innsamlinga i Sunnfjord
I Sunnfjord kommune har digital innsamling gjennom Vipps og bankkontonummer,  ikkje bøsser på dørene.

Aktvitetar ved skulane
Skulane har tradisjon for stafett, basar og andre aktvitetar på hausten til inntekt for TV-aksjonen.

Engasjert næringsliv
Næringslivet har ringedugnad i oktober. 

Stand ved lokale handelspunkt i aksjonshelga
Aksjonshelga vil du møte medlemmar frå Sunnfjord kommunestyre og nærmiljøråda på stand ved tolv ulike lokale handelspunkt rundt om i kommunen vår. 


 

Kontakt

Profilbilde av Jenny  Følling
Jenny Følling
Ordførar
Telefon 57 61 27 03