Store arrangementVi har eit ønske om mange arrangement i kommunen vår! Nokre arrangement er godt etablert, og nye er ønska velkommen. Her har vi samla informasjon du treng for å planlegge store arrangement. God kommunikasjon med kommune, politi, næring, naboar og andre er viktig. Hugs å melde arrangementet inn i god tid! Søk om store arrangement Arrangør skal søke dersom arrangementet skjer i eit bygg eller på eit område som vanlegvis ikkje blir brukt til denne type aktivitet, eller om ramma for arrangementet går ut over det bygget/området er tenkt brukt til. Som arrangør er du pliktig å sende søknad til politi, brannvesen og grunneigar. Dersom kommunen er grunneigar kan du sende ein samla søknad som gjeld kommunal grunn og brannvesen. Send søknad om arrangement via politiet sine nettsider Søknad til grunneigar. Du må søke til kommunen dersom kommunen eig grunnen. Er du usikker på kven som er grunneigar, ta kontakt med kommunen. Søk om leige av kommunal grunn Søk brannvesen Brannvesenet må ha melding for å vurdere brannfaren og for å kunne fastsette nødvendige brannsikringstiltak og avgrensingar. I tillegg kan det komme eventuelle krav til ansvarleg arrangør. Hugs at i ferietid kan det ta lenger tid å få godkjent søknad, send difor søknaden i god tid og minst ein månad før gjennomføringa. Meldinga må opplyse om: - kven som er ansvarleg for arrangementet - tidspunkt, stad, storleik og tema for arrangementet- Informasjon om vakthald- Ei kartlegging av korleis ein skal hindre uønska hendingar- Ved å nytte eksplosive/brannfarlige gjenstander. T.d fyrverkeri eller propan, gjeld eige lovverk.- kven som er kontaktperson under arrangementet dersom ein brann skulle oppstå- prosedyre for evakuering og tilkomst for redningspersonell Servering og skjenking av alkohol Det må søkast løyve til servering og skjenking av alkohol.Meir informasjon og søknadsskjema finn du herKontaktperson: Kjell Idar Dvergsdal Matservering Servering av mat på festival og messe (sal og gratis)Sal eller servering av mat på arrangementet må meldast til Mattilsynet.Melding til Mattilsynet om kortvarig sal av mat Kortvarig sal av pølser og kaker På arrangement som skuleavslutning og loppemarknad eller når idrettslaget sel pølser og kaker, er det ikkje nødvendig å registrere seg hos Mattilsynet. Nabovarsel Nabovarsel bør sendast ut og bør innehalde informasjon om korleis dette vil påverke naboar (parkering, stengning av gate, støy osv). Lover og reglement Direktoratet for sikkerhet og beredskap: Rettleiar for tryggleik ved store arrangement Lov om vaktvirksomhetBrann og eksplosjonsvernloven kapittel 2 § 7 vedr tiltak ved store arrangementerForskrift om Miljørettet helsevern, vedr støy og hygieniske forhold på arrangementetHelsedirektoratets veileder for musikkanlegg og helse Avfallshandtering Kontakt Sunnfjord Miljøverk SUM:Tlf: 57 72 41 50 E- post: Privatkundar: sum@sum.sf.noNæring, slam og andre henvendelsar: post@sum.sf.noContainerleige: container@sum.sf.no Adresse:Kloppstadvegen 310 6815 Førde Norge Sperring av kommunal veg Normalt stenger vi ikkje av gater i sentrumsområde, men ved større arrangement kan ein søke om å få sperre av veg for eit kortare tidspunkt. Det må leggast ved skiltplan og tidspunkt for ønska avsperringsområde til melding om arrangementDersom søknad blir innvilga, må ein kontakte utestasjonen for avtale om lån av skilt og sperremateriellOmrådet/gata skal vere rydda til kommande dag, om ikkje anna er avtala Send søknad til:Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 FørdePå e-post til: postmottak@sunnfjord.kommune.no Sist endra 18.09.2024 14.57