Frivilligpolitisk plattform

Sunnfjord kommune skal utarbeide ein frivilligpolitisk plattform som skal vere grunnlag for å tilrettelegge, ta i vare og auke av frivillig innsats. Dette i tråd med mål i kommuneplanen sin samfunnsdel.  Vi inviterer alle frivillige og frivillige organisasjonar til å vere med på kafédialogane.

Kafédialogmøte 

Nærmiljøråda vil vere med i organisering og gjennomføring av kafédialogmøte fire stader i Sunnfjord kommune. 

Følg lenke for meir informasjon og påmelding:

•    Skei og Vassenden 16. oktober 2024
•    Naustdal 20. november 2024
•    Sande  12. februar2025
•    Førde 2. april 2025 
•    kafédialog med politikarane hausten 2025

Spørsmåla vi vil stille i kafédialogmøta

Mål og optimalisering

  • Kva slags organisasjonar er med i denne gruppa?
  • Kva mål har du som frivillig med dine aktivitetar?
  • Kva motiverer deg som frivillig?

Kommunal støtte

  • Kva kan kommunen gjere for å leggje til rette for meir frivillig aktivitet?
  • Korelis er amarbeidet med kommunen?
  • Kva skal til for at frivilligheita etablerer eit tettare samarbeid (partnarskap, avtalar, kontraktar osv.) med kommunen?

Kontakt og dialog

  • Korleis kan kommunen leggje til rette for kontakt og dialog som inkluderer den lokale frivilligheita?
Folkemøte illustrasjon Gregory Idehen - Klikk for stort bilete

Målet er å

  • gje større plass til frivilligheita
  • skape gode vilkår for samarbeid mellom frivillige og profesjonelle utøvarar og institusjonar
  • lage system og gjensidige avtalar

Slik vil vi vere med å bidra til å 

  • auke frivillig innsats
  • gjere frivillige meir  synlege   

Kontakt

Catrine Vagstad
Rådgjevar folkehelse og plan
E-post
Telefon 57 61 25 99

Saman skapar vi gode kvardagsliv