Fritids- og meistringsgruppe

Tilbod for deg  som har ASD (Autisme-spekter/ Asperger) som ønsker å bli meir sosial og som gjerne vil bli kjend med andre. 

Du synest gjerne det er utfordrande å snakke med andre. Kanskje kan det vere vanskeleg å innleie ei samtale eller å avslutte den. Mange har det slik. De vil kanskje kjenne dette att som ASD (Autismespekter/Asperger).

Målet er at gruppa skal bli ein sosial møteplass for meistring og støtte.

Velkommen til samling

Aktivitetsplan Haust/vinter 2025

To personar som pratar foto Pexels - Klikk for stort bilete

Måndagar klokka 18.00–20.00 

  • 11. og 25. august 
  • 8. og 22. september
  • 06. og 20. oktober
  • 03. og 17. november
  • 01. , 15. og 29. desember
  • 05. og 19. januar 
  • 02. februar 

Fast møteplass 

Vi tilbyr deg over 16 år ein fast møteplass, der du kan møte andre menneske i same situasjon og kanskje bli meir kjent med nokre av dei? Møteplassen er på Prestebøen 8 i tredje etasje. Bygget ligg ved sidan av Førdehuset og nokre kjenner huset som «gamle husmorskulen». 

Miljøpersonale 

Miljøpersonale vil vere tilstade og hjelpe til i gruppa. Dei arbeider til dagleg i helse- og omsorgseiningane våre i kommunen.

Kva likar du å gjere saman med andre? 

På møteplassen vil det vere enkel mat og aktivitetar. Du er velkommen til å vere med å påverke og utforme innhaldet i gruppa. 

Er det noko du lurer på? 

Ta kontakt på telefon 48 21 62 04