Sunnfjord Kulturråd skal
- Synleggjere behov kulturlivet har for lokale, utstyr og generelle rammevilkår
- Vere Sunnfjord kommune sitt fagråd for kulturlivet, som skal bidra til at politisk og administrativt nivå har oppdatert kulturinformasjon
- Vere høyrings-/uttaleinstans i politiske saker som gjeld kulturlivet
- Vere kursarrangør for kompetanseheving innan kulturlivet på tvers av sjangrar/fag
Vedtekter for kulturrådet (PDF, 126 kB)
Medlemskap
Alle organisasjonar, institusjonar og einskildpersonar i Sunnfjord kommune som definerer seg innan kulturomgrepet, kan vere medlem i Sunnfjord Kulturråd, både profesjonelle og frivillige. Idretten er unnateken då den sorterer under Sunnfjord Idrettsråd.
Meld deg inn i Sunnfjord kulturråd
Styre
Sunnfjord Kulturråd vert leia av styret som er vald av årsmøtet. Styret skal arbeide etter vedtektene og arbeide etter dei vedtak og retningsliner som årsmøtet fastset.
Styret konstituerer seg sjølv med val av leiar og nestleiar kvart år etter årsmøtet.
Adresseliste styret (XLSX, 19 kB)
Referat frå styremøte
Referat frå årsmøte
Vedlegg i årsmøte