Gåvemidlar til Førde omsorgsenter

  • Retningsliner for bruk av gåvemidlar til Førde omsorgssenter frå Førde Røde Kors og Nasjonalforeningen Førde Helselag.

Midlane vert styrte av ein komitè som er samansett av fire personar:

  • Leiar for Førde Røde Kors
  • Leiar for Nasjonalforeningen Førde Helselag
  • Leiar for Førde brukar – og pårørandeutval
  • Kommunalsjef omsorg Sunnfjord kommune

Kven kan søke om støtte?

Einingane, frivillige lag og organisasjonar, brukar- og pårørandeutval kan søkje om støtte til arrangement for pasientar og brukarar ved Førde omsorgssenter. Særskilte arrangement/tiltak som er for alle omsorgssenter, kan og søke om støtte. Det vert kunngjort to søknadsfristar pr. år.

Søknadsfrist

  • Det er to søknadsfristar i året: 01.mars og 01.september. 
  • I år vert søknadsfristen for mars flytta til 15.mai.

Søknadsskjema

Kva kan gåvemidlane nyttast til?

Gåvemidlane skal primært nyttast til særskilde tiltak som fremjar trivsel og velferd for brukarane. Midlane skal ikkje nyttast til ordinær drift. Døme på aktuelle tiltak: turar, aktiviseringstiltak, særskilt utstyr, blomar, kunst m.m.

Kontakt

Profilbilde av Kirstin Synnøve Bruland
Kirstin Synnøve Bruland
Kommunalsjef for omsorg
E-post
Telefon 57 72 61 03
Mobil 41 61 51 02