Brukar- og pårørandeutval

Personar som syklar illustrasjon - Klikk for stort bilete Gregory Idehen

Brukar- og pårørandeutvalet skal ta i vare brukarane og pårørande sine interesser, og vere ein pådrivar i forbetring av tenestene. 

Brukarar og pårørande kan ta kontakt med medlemmar i utvalget når det gjeld overordna saker, men ikkje enkeltsaker. Enkeltsaker må bli tatt direkte opp med primærkontakt eller leiar.

Skei og Vassenden brukar- og pårørandeutval:

Mandat for brukar – og pårørandeutval

Bakgrunn

Brukar – og pårørandeutvalet sitt mandat bygger på Helsedirektoratet sin rettleiar.

"Et bruker- og pårørendeutvalg på tjenestenivå i kommunen kan gi en fast, stabil og kjent arena på det enkelte tjenestested med mulighet for brukere og pårørende til å fremme saker. Utvalget kan bidra til åpenhet, tillit og felles forståelse mellom brukere/pårørende, ansatte og ledelse, bedre samarbeid om kvalitet og forbedringsarbeid, trivselstiltak, mm."

Sunnfjord kommune har fire omsorgssenter:

  • Førde omsorgssenter
  • Naustdal omsorgssenter
  • Sande omsorgssenter
  • Skei omsorgssenter

Det er heimetenester og omsorgsbustadar i dei same geografiske områda, i tillegg til på Vassenden. 

Brukar- og pårørandeutvalet skal vere ein fast samarbeidsarena for pårørande, brukarar og leiinga i omsorgssenter og heimetenester. Utvalet skal involverast, gje råd og uttale i prosessar vedrørande strategi, planleggings- og utviklingsarbeid som vedrører kvaliteten i tenestene i einingane. Utvalet har status som høyringsorgan i  saker som gjeld vesentlege endringar i einingane si drift og organisering. 

Forankring og samarbeid

Brukar- og pårørandeutvalet sitt mandat skal forankrast på leiarnivå i einingane.  Utvalet skal haldast orientert om dei problemstillingar og tema som gjeld brukar- og pårørandeutvalet sitt fokusområde. Utvalet kan på eige initiativ innhente informasjon om saker av interesse for utvalet sitt arbeid. 

Organisering 

Det vert oppretta 4 brukar- og pårørandeutval med representantar frå brukarar og pårørande ved omsorgssenter og heimetenester.

  • Førde brukar- og pårørandeutval. Representantar velgast frå Førde omsorgssenter, Førde heimeteneste eining 1 og Førde heimeteneste, eining 2
  • Naustdal  brukar- og pårørandeutval. Representantar velgast frå Naustdal omsorgssenter og Naustdal heimeteneste
  • Sande brukar- og pårørandeutval. Representantar velgast frå Sande omsorgssenter og Sande heimeteneste 
  • Skei/Vassenden brukar- og pårørandeutval. Representantar velgast frå Skei omsorgssenter, Skei heimeteneste og Vassenden heimeteneste

Kvart utval er samansett av 

  • 3–4 faste representanter, fordelt mellom brukar/bebuar og pårørande
  • 1. og 2. vararepresentant 

Representantane vert rekruttert etter forespørsel frå einingsleiar og vert oppnemnt for en periode på to år. Dersom representant i utvalet ikkje lenger er pårørande til brukar av omsorgstenestene, kan representanten fråtre og 1. vara vert fast representant. Det vert valt ny vararepresentant. 
Brukar- og pårøranderepresentantane i utvalet skal representere alle brukarar og pårørande i det aktuelle omsorgssenter og heimeteneste. Brukar- og pårørandeutvalget har tre møter per år, eller etter behov. Einingsleiarane deltek i møta. 

Utvalet vel leiar frå brukar- eller pårøranderepresentanane. Einingsleiar har ansvar for at sekretariatsfunksjonen for utvalet vert ivaretatt. 

Utvalet skal ikkje handsame brukarsaker eller andre teiepliktiktige saker.
Leiar i dei fire brukar- og pårørandeutvala møtast to gongar per år for å utveksle erfaringar. Administrasjonen deltek i desse møta med kommunalsjef og/eller tilsett i fagutvikling.
 

Kontakt

Profilbilde av Kirstin Synnøve Bruland
Kirstin Synnøve Bruland
Kommunalsjef for omsorg
E-post
Telefon 57 72 61 03
Mobil 41 61 51 02