Brukarar og pårørande kan ta kontakt med medlemmar i utvalget når det gjeld overordna saker, men ikkje enkeltsaker. Enkeltsaker må bli tatt direkte opp med primærkontakt eller leiar.
Skei og Vassenden brukar- og pårørandeutval:
Mandat for brukar – og pårørandeutval
Bakgrunn
Brukar – og pårørandeutvalet sitt mandat bygger på Helsedirektoratet sin rettleiar.
"Et bruker- og pårørendeutvalg på tjenestenivå i kommunen kan gi en fast, stabil og kjent arena på det enkelte tjenestested med mulighet for brukere og pårørende til å fremme saker. Utvalget kan bidra til åpenhet, tillit og felles forståelse mellom brukere/pårørende, ansatte og ledelse, bedre samarbeid om kvalitet og forbedringsarbeid, trivselstiltak, mm."
Sunnfjord kommune har fire omsorgssenter:
- Førde omsorgssenter
- Naustdal omsorgssenter
- Sande omsorgssenter
- Skei omsorgssenter
Det er heimetenester og omsorgsbustadar i dei same geografiske områda, i tillegg til på Vassenden.
Brukar- og pårørandeutvalet skal vere ein fast samarbeidsarena for pårørande, brukarar og leiinga i omsorgssenter og heimetenester. Utvalet skal involverast, gje råd og uttale i prosessar vedrørande strategi, planleggings- og utviklingsarbeid som vedrører kvaliteten i tenestene i einingane. Utvalet har status som høyringsorgan i saker som gjeld vesentlege endringar i einingane si drift og organisering.
Forankring og samarbeid
Brukar- og pårørandeutvalet sitt mandat skal forankrast på leiarnivå i einingane. Utvalet skal haldast orientert om dei problemstillingar og tema som gjeld brukar- og pårørandeutvalet sitt fokusområde. Utvalet kan på eige initiativ innhente informasjon om saker av interesse for utvalet sitt arbeid.
Organisering
Det vert oppretta 4 brukar- og pårørandeutval med representantar frå brukarar og pårørande ved omsorgssenter og heimetenester.
- Førde brukar- og pårørandeutval. Representantar velgast frå Førde omsorgssenter, Førde heimeteneste eining 1 og Førde heimeteneste, eining 2
- Naustdal brukar- og pårørandeutval. Representantar velgast frå Naustdal omsorgssenter og Naustdal heimeteneste
- Sande brukar- og pårørandeutval. Representantar velgast frå Sande omsorgssenter og Sande heimeteneste
- Skei/Vassenden brukar- og pårørandeutval. Representantar velgast frå Skei omsorgssenter, Skei heimeteneste og Vassenden heimeteneste
Kvart utval er samansett av
- 3–4 faste representanter, fordelt mellom brukar/bebuar og pårørande
- 1. og 2. vararepresentant
Representantane vert rekruttert etter forespørsel frå einingsleiar og vert oppnemnt for en periode på to år. Dersom representant i utvalet ikkje lenger er pårørande til brukar av omsorgstenestene, kan representanten fråtre og 1. vara vert fast representant. Det vert valt ny vararepresentant.
Brukar- og pårøranderepresentantane i utvalet skal representere alle brukarar og pårørande i det aktuelle omsorgssenter og heimeteneste. Brukar- og pårørandeutvalget har tre møter per år, eller etter behov. Einingsleiarane deltek i møta.
Utvalet vel leiar frå brukar- eller pårøranderepresentanane. Einingsleiar har ansvar for at sekretariatsfunksjonen for utvalet vert ivaretatt.
Utvalet skal ikkje handsame brukarsaker eller andre teiepliktiktige saker.
Leiar i dei fire brukar- og pårørandeutvala møtast to gongar per år for å utveksle erfaringar. Administrasjonen deltek i desse møta med kommunalsjef og/eller tilsett i fagutvikling.