Sunnfjord kommune

Psykiske helsetenester

Psykiske helsetenester

Vi gir hjelp og støtte til deg som har psykiske vanskar. 

Kven kan få tilbodet? 

  • Du må ha hovudutfordring innan rus eller psykisk liding som fører til særleg stort hjelpebehov.
  • Du må ha behov for tilrettelegging i dagleglivet.
  • Du må ha legeerklæring med helseopplysingar som seier at du treng hjelp til eigenomsorg eller er avhengig av praktisk eller personleg hjelp i dagleglivet.

Mål med tenesta

  • Hjelp til gode levekår og livskvalitet.
  • Hjelpa skal bidra til at du vert mest mogleg sjølvhjelpen i dagleglivet.

Praktiske opplysningar

  • Basisen i arbeidet er hjelp til sjølvhjelp.
  • Tenesta vektlegg at du er aktiv deltakar i eige liv.
  • Du kan få hjelp til medisinhandtering.
  • Vi kan gi råd og rettleiing til deg og dine næraste.

Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer

  • Vi skal ikkje overta oppgåver du kan gjere sjølv.
  • Hjelp til reingjering og handling som ikkje du er med på, må du betale for.

Slik søker du

Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om psykiske helsetenester: 

Søk om helse- og omsorgstenester

Send søknad til:
Sunnfjord kommune
Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde 

Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det?

  • Når du søker om helse- og omsorgstenester er det tildelingseininga som behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg for å kartlegge dine behov for hjelp. Deretter skriv vi eit vedtak.
  • Vi behandlar søknaden din så raskt som mogleg. 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

For spørsmål, ta kontakt med

  • Tildelingseininga, tlf. 57 72 20 00, kvardagar kl. 09:00–15:00
  • Psykiatritenesta, tlf. 57 02 12 90
  • Fagleiar psykiatrisk team: Stephanie Levy, tlf 969 49 930
  • Fagleiar avdeling Prestebøen: Britt Jorunn Bueie, tlf. 992 95 988

Kan du klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. 

Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen som siste klageinstans.