Korleis fungerer eit pakkeforløp?
Eit pakkeforløp startar ved at fastlegen sender ei tilvisning til spesialisthelsetenesta. Sunnfjord kommune har ansvar for å sikre at du får nødvendig oppfølging medan du ventar på eventuell behandling frå spesialisthelsetenesta.
Når spesialisthelsetenesta har gjort ein vurdering og du har rett til helsehjelp, vil du få eit brev med innkalling til samtale. Vidare planlegging av utredning og behandling vil skje i samarbeid med deg. Dersom det blir vurdert at du ikkje har rett til helsehjelp, vil du motta eit brev med begrunning for avslaget.
Det vil vere forløpskoordinatorar i både kommune- og spesialisthelsetenesta, som skal samarbeide.
I Sunnfjord kommune
For personar som allereie har ein koordinator/fagperson med tett relasjon i kommunen, er det naturleg at denne blir forløpskoordinator.
Personar som ikkje har ein koordinator kan ta kontakt med tildelingseininga i Sunnfjord kommune på telefonnummer 90 80 85 58
Forløpskoordinator i kommunen har ansvar for å informere og gi råd til pasient og eventuelt pårørande om pakkeforløp psykisk helse og rus. Koordinator skal sikre god samhandling mellom aktørane i helsetenesta og heilskapleg oppfølging av pasienten med utgangspunkt i pasienten sine mål, ressursar og behov.
I Helse Førde
Helse Førde har oppnemnd to forløpskoordinatorar:
Ellinor Kleppenes: 41 53 04 37
Sønnøve Ramsfjell: 41 53 04 42
Dei har ansvar for å vere tilgjengeleg for pasient og pårørande, koordinere heile forløpet og gi råd til pasient og eventuelt pårørande om pakkeforløp psykisk helse og rus.
Meir informasjon