Sunnfjord kommune tilbyr digitalt følgekort. Med appen “Ledsagerbevis” har du følgekortet tilgjengeleg på telefonen din. Du kan også sjå følgekortet ditt på ledsagerbevis.no. I søknaden spør vi kva for type kort du ønskjer, digitalt eller fysisk kort.
Kven kan søke om følgekort
Du kan søke om følgekort dersom du har nedsett funksjonsevne og treng å ha med følge i samband med transport og kultur- og fritidsaktivitetar.
Slik søker du
Ny søkar, fyll ut ein kort grunngiven søknad og sender med passfoto.
Velg om du vil ha digitalt følgekort på mobil eller om du vil ha det i papir.
Søk om følgekort
Dersom du har vedtak på følgekort, og ønskjer å få det digitalt på mobil, kan du fylle ut elektroniske skjemaet under.
Eg har fysisk kort, men ønskjer digitalt
Korleis få tilgang til digitalt følgekort på mobil
Dersom du blir innvilga følgekort, gjer du følgjande:
- laste ned appen «Ledsagerbevis» i App Store eller Google play. Følgekortet er også tilgjengeleg på følgekort.no.
- når du har lasta ned appen, skriv du inn mobilnummeret ditt. Du får deretter tilsendt ein kode på SMS som du skriv inn. Du har no tilgang til følgekortet ditt.
I appen kan du også gje andre følgepersonar (til dømes støttekontakt, avlastar, besteforeldre) tilgang til følgekortet. Dette gjer du ved å legge inn deira mobilnummer.
Kva kostar det?
Det kostar ingenting å få følgekort. På arrangement eller offentleg transport kjøper du billett til ordinær pris, men får ta med deg ein følgeperson gratis der følgekort vert akseptert.
Kvar gjeld kortet?
Følgekortet skal gjelde i heile landet der arrangørar, transportselskap eller instutisjonar som krev inngangspengar har akseptert ordninga. Fordi kortet ikkje kan nyttast alle stadar, må du sjølv undersøke om kortet vert akseptert på den aktuelle staden.
Sunnfjord kommune oppmodar arrangørar om å skrive ut og henge plakaten godt synleg dersom ein kan nytte følgekort på dykkar arrangement.
Plakat for følgekort (PDF, 31 kB)
Kor lang tid tek det å behandle søknaden?
Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg, og prøver å gi deg eit svar innan 14 dagar.
Har du spørsmål, ta kontakt med
Førde tenestetorg på telefon 57 72 20 00
Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?
Får du ikkje tilbod om følgekort, gir vi deg ei grunngiving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist.
Lov